Store forskjellar i mobbetal: – Skulane må ta mobbing på alvor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Elevundersøkinga, som vart publisert denne veka, kjem det fram at skilnadane er store når det kjem til mobbing i norske skular.

Ved mange skular svarar korkje barne- eller ungdomsskuleelevane at dei hadde blitt mobba.

Samstundes oppgav heile fire av ti sjuandeklassingar ved Elvetun skule i Troms at dei hadde blitt mobba to til tre gonger i månaden eller meir. Dette plasserer skulen i topp på landsbasis.

– Då resultata av  elevundersøkinga blei kjent for skulen , blei resultatet presentert for personalet på skolen, for elevrådet og for FAU. Kontaktlærarane har jobba i sine klassar med resultata, og eg som rektor har vore i klassar og hatt samtalar, skriv rektor May-Elin Hals i ein epost til Framtida.no.

Ho seier resultatet varierer frå klasse til klasse, og at dei har ei klar målsetning om å betra det faglege og sosiale læringsmiljøet . Ingen av tiandeklassingane ved skulen oppgav å ha bli mobba så ofte som to-tre gonger i månaden eller meir.

Ved Høvåg skule i Lillesand svara kring 35 prosent av tiandeklassingane at dei hadde opplevd mobbing fleire gongar i månaden. 

– Me tok tak i dette med ein gong med fekk resultata. Me har nulltoleranse for mobbing, og tar tak med ein gong når nokon melder frå om mobbing, seier rektor Kristin Leirvik.

LES OGSÅ:– Unødvendig å mobba

– Urovekkjande

– Det er urovekkjande at spriket mellom skulane er så stort. Det kan tyde på at mobbing er meir prioritert på somme skular enn på andre. Arbeidet mot mobbing er veldig, veldig viktig, og skulane har klare føringar om at dette må prioriterast. Vi veit at det er ei utfordring å handsame mobbing, men vi håpar at skulane gjer sitt beste, seier leiar i Elevorganisasjonen, Benjamin S. Myrstad.

Han meiner skulane som kjem dårleg ut kan lære av skulane med lite mobbing.

– Ved å sjå på kva skulane som gjer det betre har gjort og samarbeide med dei, kan ein lære mykje. Det er viktig at skulane finn ut av kvar manglane ligg, slik at ein kan bidra aktivt til å gjere skulen betre, seier Myrstad.

Nyleg vedtok Høyanger kommune ei bot på 100.000 kroner, for ikkje ha gjort nok for å hindre mobbing ved Høyanger skule. Myrstad tykkjer det er synd at det må gå så langt før reaksjonane kjem.

– Det burde ha vore prioritert tidlegare. Samstundes er bota ein indikator på at fylket og staten tek mobbing på alvor. Det syner at om ikkje skulane gjer plikta si, så får det konsekvensar.

LES OGSÅ: Her trivst elevane aller best

Noko meir mobbing ved privatskular

Resultata i Elevundersøkinga kan også tyde på det er noko meir mobbing ved private enn offentlege skular. På landsbasis oppgjev kring 5 prosent av elevane ved offentlege grunnskular at dei har blitt mobba 2-3 gongar i månaden eller meir, medan talet er 7 prosent for elevar ved private skular, som har svara.

– Her kan det vere mange faktorar som spelar inn, som kor mange elevar som har svara på undersøkinga. Vi har likevel sett døme på at somme privatskular nedprioriterer delar av utviklingsarbeidet, til fordel for prestasjon. Det kan også vere at privatskular rett og slett ikkje har det same nettverket som offentlege skular, og dermed er mindre rusta i arbeidet mot mobbing, seier Myrstad.

Han vil likevel ikkje dømme skulane for hardt.

– Eg trur at alle innanfor skulesektoren har eit ønske om at det skal vere minst mogleg mobbing i skulen, seier elevleiaren.

LES OGSÅ: Kommune får kraftig bot for mobbing

– Skulane har plikt til å følgje opp

Barneombodet er uroa over at enkelte skular ikkje tek mobbing på alvor.

– Vi kjenner ikkje til dei aktuelle skulane, og presiserer at vi uttalar oss på generelt grunnlag. Barneombodet er uroa over at enkelte skular bagatelliserer mobbing, og at høge mobbetal vert avvist som «aksjonar», utan at skulen gjer ei tilstrekkeleg analyse av årsak og behov for verkemidlar, skriv seniorrådgjevar i Barneombodet, Janicke Sæther Olsen, i ein epost.

Vidare rådar Barneombodet alle skular om å ta ei kvar melding om krenkingar på alvor, og setje i gong naudsynte tiltak når elevane ber om det.

– Dette er ei plikt skulen har etter Opplæringslova, skriv Sæther Olsen.

Utdanningsdirektoratet har sett i gong eit fleirårig prosjekt, der dei tilbyr å rettleie og følgje skular og kommunar som har slitt med høge mobbetal over tid. Sjølv om det er frivillig i delta, føreset Barneombodet at skular med høge mobbetal syner si interesse, skriv Sæther Olsen. Utdanningsdirektoratet har også laga rettleiingsmateriell til skulane, som er tilgjengeleg på direktoratet sine nettsider.

– Det er i dag ingen grunn til at skular ikkje skal klare både det førebyggande arbeidet mot mobbing, og å handtere mobbesaker som oppstår. Likevel ser vi at ein del skular ikkje handterer mobbing på ein god nok måte, skriv Sæther Olsen.

Her kan du lese meir om Barneombodet sine innspel Djupedalutvalet. 

Dette svara elevane på 10. trinn om mobbing:

Dette svara elevane på 7. trinn om mobbing:

Faktaboks

400.000 elevar frå 5. trinn og til og med vidaregåande har svart på Elevundersøkinga.

Så mange elevar har opplevd desse krenkingane to til tre gonger i månaden eller meir:

Nokon gjorde narr av eller erta meg, slik at eg blei lei meg: 31172 (10,7%)
Eg blei halden utanfor: 25192 (8,7%)
Nokon spreidde løgner om meg: 22996 (8,0%)
Nokon trua meg: 9803 (3,4%)
Nokon slo, dytta, sparka eller haldt meg fast så eg blei redd: 9419 (3,3%)
Nokon kommenterte utsjånaden min negativt på ein måte eg ikkje likte: 22936 (7,9%)

Kjelde: Analyse av Elevundersøkinga, Utdanningsdirektoratet