Stor vekst i Bygdeungdomslaget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bygdeungdoms- laget veks

Norges Bygdeungdomslag har nesten dobla medlemstalet sidan 2000, og i fjor var det ein vekst på nesten 5 prosent i talet på medlemmer.

LES OGSÅ: Fryktar for framtida til bygdene https://framtida.no/articles/fryktar-for-framtida-til-bygdene#.UuOKp2TsSYU

Nesten som 95
Norges Bygdeungdomslag har i dag 6.293 medlemmer – eit tal ein må tilbake til 1995 for å finne liknande til i organisasjonen. Med unntak av 2009 har organisasjonen hatt ein auke i medlemstalet kvart år sidan 2000, noko lagsutviklingsleiar i NBU, Ola Skrivlien Venås, er godt nøgd med:

– Det er veldig moro at organisasjonen veks også i 2013. Å halde ved lag medlemstalet i ungdomsorganisasjonar er vanskeleg nok, men NBU har fått til vekst fleire år på rad. Det tyder på at aktivitetane til lokallaga er gode, og at vervefokuset vi har hatt på alle ledd i organisasjonen fungerer, seier Venås.

LES OGSÅ: Ikkje berre bønder https://framtida.no/articles/ikkje-berre-bonder#.UuOK9WTsSYU

Nye lokallag
Også talet på lokallag auka i 2013, frå 78 til 90. Eitt av dei nyoppstarta lokallaga finn vi i Vefsn i Nordland – eit fylke som ikkje har hatt bygdeungdomslag på 19 år.

Hedmark er største fylkeslag i 2013 med 913 medlemmer, med Oppland og Østfold på 2. og 3. plass med høvesvis 845 og 784 medlemmer. Største lokallag er Surnadal Bygdeungdomslag med 291 medlemmer, følgd av Voss med 232 medlemmer og Gausdal med 185 medlemmer.