Stor pågang i kyrkjevalet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er knytt stor spaning til årets kyrkjeval, særleg grunna debatten om homofilies rettar. Dersom tilbakemeldingane Kyrkjerådet har fått stemmer, kan det sjå ut til at spådommane om at saka har ført til større oppslutnad slår til.

– Vi får tilbakemeldingar om stor pågang og ein vesentleg auke i valoppslutninga, fortel Kyrkjerådets kyrkjeval-general, Anders Backer-Grøndahl Eide.

Enkelte stader skal det ha vore kø framføre stemmeurnene. Han strekar samstundes under at oppteljingane frå valet ikkje er klare.

– Vi har ikkje det same apparatet som i kommune- og fylkesvalet, og vil ikkje gå ut med tal før seinare i veka.

Endeleg resultat først i desember
Kyrkjevalet vart avhold samsuntes med kommune- og fylkesvalet. Valresultatet frå dei 1. 236 kyrkjelydsråda og talet på røyster til bispedøma vert først offentleggjort 17. september – tre dagar etter valet.

Oppteljingane skjer ved lokale kyrkjelydskontor. Deretter vert røystene som er avgitt ved bispedømerådsvalet sendt til valrådet i dei enkelte bispedøma, der stemmene til kvar kandidat og liste vert registrert. Resultata frå denne oppteljinga kjem først 24. september.

LES OGSÅ: Vil ta knekken på homodiskriminering

Men det endelege resultatet av valet må ein vente endå lengre på. Valordninga i kyrkjevalet er nemleg ein hybdrid av liste- og personval, direkte og indirekte val.

– Om du skal ha greie på kven som utgjer Kyrkjemøtet 2016-2019 må du vente heilt til 8. desember, seier seniorrådgjevar Gunnar Westermoen til NTB.

Delar av kyrkjevalet er indirekte. Det tyder at dei nyvalde kyrkjelydsråda i fire av bispedøma (Tunsberg, Agder og Telemark, Bjørgvin og Møre) skal ha tilleggsval etter valet, om tre av dei sju lekfolksrepresentantane til sine bispedømeråd.

LES OGSÅ: Homofile prestar fryktar kyrkjevalet

Problematisk med mobiliserande enkeltsak
Valforskar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger kallar kyrkjevalet crazy.

– Det er noko prinsipielt veldig rart med kyrkjevalet. På ein akse frå fullstendig demokrati til kaos, «demo-crazy», er kyrkjevalet meir crazy enn både kommune- og fylkestingsval, seier valeksperten til NTB.

Han trur debatten kring homofilt samliv verka mobiliserande kring kyrkjevalet, og meiner mange som stemmer i kyrkjevalet ikkje har nok kunnskap om kva dei stemmer på.

– Det er eit demokratisk problem, uttala han før valet.

Leiar i Open folkekyrkje, Sturla J. Stålsett, meiner Tuastad undervurderer veljarane, Han meiner det ikkje er grunn til å hevde at veljarane ved kyrkjevalet er mindre informert enn i andre demokratiske prosessar, ifølgje Dagbladet.

3, 1 millionar personar har stemmerett i kyrkjevalet.

LES OGSÅ: Difor bør du røyste ved kyrkjevalet