Stopp en hal!

Lise-May Sæle
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Moglegheitene er mange. Førestill deg at du reiser hundre år tilbake. Heilt stum, er moglegheitene meir enn innskrenka. Skilnaden på før og no, er at før var me hjelpelause som stumme. I dag kunne me ha vore stumme alle saman – det stoppar oss ikkje i å kommunisere. Er det slik me ynskjer det?

Kunnskapssenteret.no har definert media som "et middel som noe blir spredd gjennom". Denne definisjonen viser at alle ytringar må gjennom eit medium for å kunne kommunisere med ein mottakar. Før gav ikkje media sjansen til å nå ut til eit så stort publikum. I dag har me aldri nådd ut til fleire. Er det noko me burde juble over? Om ein ser på digitale medium samt sosiale medium, er det mange i dag som ser på bruk av ytringsfridom som eit sentralt spørsmål. Internett er på mange måtar fantastisk, men raude roser har òg taggar.

Kan nå ut til kven som helst
I eit globalisert samfunn er det naudsynt å dele kunnskap og å kommunisere på tvers av landegrenser. I ei verd der ein må sjå i lag på klimautfordringane, har det aldri vore viktigare å nå ut med idear til folket på heile kloten. Jamvel i ei verd der me alltid må nedkjempe ekstremisme, er det viktig å klaregjere for alle brukarar om kvar grensene går. Massakren på Utøya er eit særs skremmande bevis. Gjerningsmannen uttrykte sitt hat og sine ekstremistiske tankar på Internett. Internett har alle slags lure gøymeplassar, og det stengjer ingen tankar ute.

Nettmobbing rett rundt hjørnet
I Bergen, nærare sagt på Olsvik skule, har det vorte til ein trend i 10.klasse å nytte seg av appen ”Ask.fm”. ”Ask.fm” gjev ungdomane moglegheit til å opprette brukarkontoar der målet er at kven som helst kan stille dei spørsmål. Alt føregår anonymt. Denne appen vert som draumeland for mobbarar. Ungdomen som får spørsmåla må bestemme seg om ein vil svare på svært personlege, direkte og ufine spørsmål eller ikkje. Ho eller han vert pressa opp etter ein vegg ein ikkje vil skal eksistere. Appen pressar ungdom til å vere tøffe. Ingen vil vere pysete ved å late vere å svare på spørsmål om ”kvifor ein er så feit” og om ein er jomfru eller ikkje. Det vert ein kamp om kven som held lengst ut og kan tole mest drit.

”Kvifor er du så stygg? Ingen vil ha deg.”

 ”Jævla hore.”

Dette moderne mediet skapar rom for menneske å henge ut andre, anonymt. I Storbritannia førde denne appen til at fire ungdomar tok sine eigne liv etter å ha blitt hetsa og hengt ut på nettsamfunnet. Eg mislikar sterkt denne trenden, og eg ser klart faren ved at fleire og fleire lastar ned appen.

Kunnskap for å kunne bruke
Personvern er ei side det er viktig å trekkje fram. Kven sikrar deg vern og tryggleik på Internett? Ein kan alltids gøyme seg bak ein brannmur og tru ein er trygg. Men til liks med Berlinmuren, vil den òg falle ein gong. Internett er noko av det mest utstabile ein kan vere borti. Ein veit aldri.

Lat oss sjå kvarandre i auga
Eg har eit ynskje. Eit ynskje om at når eg møter veninnene mine, så kan me leggje vekk både mobil, PC og iPad og sjå kvarandre i auga. Det skremmer meg litt. Kjensla av at ein berre må sjekke sosiale medium. Sosiale medium har blitt som dop for norsk ungdom. Å kunne late vere å sjekke mobilen, har vorte til ei hard prøving for norsk ungdom – og ikkje særleg mange held ut den prøva. For meg som er ei jente på 16 år, kjenner eg det klør i fingrane og konsentrasjonen min er særs svekkja. I augneblinken me samlast, ser kvarandre i auga og skal snakke om det me har på hjartet, fell dei robotstyrte auga våre ned i mobilen. Det er trist.

Til slutt vil eg be deg stoppe en hal atter ein gong. Utvikling er bra. For det trengst. Samstundes er det alltid viktig å informere om kva dei spisse taggane på rosene kan medføre.  Menneske bak tastaturet har makt – lat oss opplyse alle om at denne makta kan nyttast på ein god måte. Me kan ikkje halde fram med å vere robotstyrte, stumme, samstundes som fleire og fleire personar vert såra og diskriminerte. Flytt auga vekk frå skjermen og søk blikkontakt med det som er menneskeleg – ver til stades, her og no.