Stjernene starta på UKM

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange av dei mestseljande musikarane i Noreg deltok i Ungdommens Kulturmønstring (UKM). Odd Nordstoga, The Blacksheeps, Gåte og Jaga Jazzist er nokre av dei mest kjende.

− UKM synst eg er eit fantastisk arrangement, der ungdom får vist seg fram frå ulike sider, noko eg synst er viktig. Også det å få opptre for eit rimelig stort publikum er fantastisk å ta med seg vidare, seier Tone

Damli Aarberge til ukm.no. Til saman deltok ho fire gonger på UKM, alle gongane med fleire innslag.

Merkeleg Michael Jackson-blanding
Teater- og filmskodespelar Ingrid Bolsø Berdal, kjent frå Fritt Vilt-filmane, har delteke tre gonger i UKM med musikk.

– Første gong eg var med var då eg gjekk i 8. klasse på ungdomsskulen og framførte eit mildt sagt merkeleg nummer der eg kombinerte musikk av den svenske artisten Cecilia Vennersten og Michael Jackson, fortel Ingrid Bolsø Berdal til ukm.no.

Debuterte som sjuåring
Den no nedlagte gruppa Gåte spelte første offentleg på UKM. Då var vokalist Gunnhild Sundli berre ni år gamal. Storebror Sveinung Sundli var endå yngre då han deltok i UKM. Som sjuåring spelte han fiolin, og har sidan vore på dei fleste av kulturmønstringane i Orkdalen. Han meiner til og med å hugsa at han har delteke med kunstverk òg ein gong.


 

Faktaboks

Andre UKM-kjendisar:

Askild Holm
Gaute Gøtta Grav
Hanne Hukkelberg
Mathias Eick
Margaret Berger
Ephemera
Thom Hell

Anten du dansar halling, lagar store treskulpturar med motorsag, spelar klassisk piano eller lagar 3-D animasjonar på PC, så kan du vera med i UKM.

I dei fleste kommunane kan du delta frå du er 10 år, men på landsmønstringa og på mange fylkesmønstringar er aldersgrensa 13 år.
Juryen vel ut dei som går vidare på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet, og dei utvalde deltakarae skal spegle breidda i den lokale mønstringa.
Nokre blir valt ut frå kvar lokal mønstring og sendt til fylkesfinalen. Frå fylkesmønstringane blir det sendt ca 25 deltakarar til landsmønstringa.