≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Politikk, språk, Vestlandsregionen

Sterke reaksjonar mot Vestlandsregion utan nynorsk

I både tradisjonelle og sosiale medium protesterer folk mot at Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje vil ha nynorsk som administrasjonsspråk når dei slår seg saman.

Runar Bjørkvik Mæland
torsdag 15. september 2016 17.11

Sterke reaksjonar mot Vestlandsregion utan nynorsk Bergen blir etter planen «hovudstad» i den nye Vestlandsregionen. Foto: Tristan Taussac/Flickr/CC BY-ND 2.0

I dag signerte fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ein intensjonsavtale om å slå seg saman til eit nytt storfylke på Vestlandet frå 2020. I avtalen står det at «Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar».

Likevel står det ikkje at nynorsk skal vera administrasjonsspråket i Vestlandsregionen – trass i at både Hordaland, Sogn og Fjordane og det store fleirtalet av kommunane i dei tre fylka i dag brukar nynorsk. Det tyder på at Vestlandsregionen skal bli språknøytral, slik til dømes Oslo er i dag.

– Nynorsk er viktig på Vestlandet, men for oss i Rogaland er det unaturleg om nynorsk skal vere hovudspråket, sa fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal ifølgje NRK.

Intensjonsavtalen kan lesast her (pdf). Dei tre fylkestinga skal handsama avtalen i haust, og kan då gjera endringar i den endelege planen.

LES OGSÅ: Mogleg storfylke utan nynorsk

Nyhendet om at Hordaland og Sogn og Fjordane kan mista nynorsk-statusen er blitt møtt med protestar, mellom anna frå målrørsla.

– Ingen nynorsk – inga avtale!, tordnar Norsk målungdom (NMU).

– Om intensjonsavtalen vert inngått på kostnad av nynorsken si stilling på Vestlandet, bør Sogn og Fjordane og Hordaland trekkje seg frå avtalen, seier NMU-leiar Synnøve Marie Sætre ifølgje pressemeldinga.

– Rogaland si framferd i fylkesforhandlingane skuffar oss som skriv nynorsk stort. Om ikkje Vestlandet skal bruka nynorsk, kven skal då gjere det?, skriv KrF-politikar Tore Storehaug i eit debattinnlegg publisert på Framtida.no.

– Heile Vestlandet sin identitet, både i fortid og notid, er knytt til nynorsken. Jamvel identiteten til Bergen, Stavanger og dei andre bokmålkommunane på Vestlandet er knytt til nynorsken. Og så skal regionen skrive bokmål?, skriv Eirik Langeland Fjeld, redaktør i Bygdanytt, lokalavisa for Arna og Osterøy.

Mange har også lufta reaksjonane sine på mikrobloggtenesta Twitter:

 






Oppdatert: fredag 16. september 2016 19.06
Kommentarar

Sterke reaksjonar mot Vestlandsregion utan nynorsk
Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk målungdom, er ikkje nøgd med at Vestlandsregionen ikkje får nynorsk som hovudmål. Pressefoto: Mia Holvik og Ole Gunnar Dybik


 
ANNONSE: