Sterk motstand mot EU i nord

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målinga, som er utført av InFact for NRKog Avisa Nordland, viser eit overveldande fleirtal mot EU. 13 prosent av dei spurde svarte «veit ikkje». Motstanden er størst blant dei som er mellom 45 og 64 år gamle. 79,1 prosent i denne aldersgruppa seier dei er mot EU-medlemskap.

I Nordland er motstanden endå tydelegare no enn under folkeavstemminga i 1994. Då stemte 28,6 prosent for medlemskap, medan 71,4 prosent stemte mot.

Ivar Kristiansen i NHO Nordland blir ikkje overraska over resultatet, men meiner Noreg og landsdelen har tapt på å stå utanfor.

– Det har gjort at landsdelen ikkje har hatt den veksten og befolkningsutviklinga vi kunne hatt. Vi går også glipp av ei enorm verdiskaping fordi fiskerinæringa står utanfor. No vert vi marginaliserte.

Leiaren i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, synest det tydelege nei-standpunktet i nord er tryggande. Han meiner det er mange fortrinn i nord, spesielt fisken, som vert utnytta mykje betre på eiga hand. (©NPK)

Les meir:

I 2014 var det 20 år sidan me sa nei til EU sist gong. Mykje har endra seg sidan den gong – også forholdet vårt til EU.

Storbritannia skal ut av EU – skribent James K. Puchowski fryktar at det kan svekka miljøansvaret hos britane.

Engelsk er det offisielle språket i EU i dag. Det kan endra seg når britane forlét unionen.