Statssekretær angrar på grøne sertifikat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Angrar på grøne sertifikat

SV-representanten, som slutta i departementet for fire månader sidan, seier dei grøne sertifikata er ei ulykke og ei subsidiering av naturøydelegging, skriv Dagens Næringsliv.

– Etter mi meining bidrar dei primært til å kaste pengar etter dei som eig lønnsame vasskraftprosjekt, og dessutan til å gjere det til god butikk å byggje ut norsk vassdragsnatur, skriv Sørensen i bloggen sin.

Sørensen sat som statssekretær i Miljødepartementet i fem år før ho i april gjekk tilbake til Stortinget, der ho møter for Kristin Halvorsen. I bloggen går ho hardt ut mot vasskraft som SV har vore med å røyste fram. Ho dei små og mellomstore vasskraftutbyggingane i dag ofte er kjenneteikna ved at dei gir lite kraft og nokså store øydeleggingar av naturmangfaldet.

– Av alle dei vedtaka som har med natur å gjere som eg har røysta for, er vedtaket om elsertifikat det eg angrar mest på, seier Sørensen, som skriv at elsertifikata er ei rein subsidie av naturøydelegging.

– For vassdragsnaturen er elsertifikata ei ulykke, skriv Sørensen.

Dagleg leiar i Småkraftforeningen Henrik Glette meiner at Sørensens blogg er beviset på at Miljøverndepartementet har vore med på å bremse utviklinga. Han håper haldningane til Sørensen ikkje har gitt så store forseinkingar at målet om å byggje ut 13 TWh fornybar energi før 2020 ved hjelp av grøne sertifikat, ikkje blir nådd. (©NPK)

Må ein akseptera utbygging av vasskraft for å få meir klimavennleg kraft?