Statsminister med trutmunn

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein diskuterer jo dette med seg sjølv. Når er det eigentlig ein berre må innsjå at no er alt håp ute, no er du vaksen på den verkelig vaksne måten, på den irriterande måten, no har du blitt ein del av problemet?

Eg har mistankar om at det er den dagen du ikkje lenger har humor på fortida di. Den dagen yngre folk gjer narr av måten de gjekk kledd på, musikken de høyrde på, håret dykkar, tinga de meinte, og alvoret de meinte det med, og du klarer ikkje å sjå humoren i det. Eller endå verre, du latar som om du synest det er morsamt, fordi du vil vise at du har sjølvironi og heng med, men det ligg eit «men» der, som du enten seier høgt, eller som alle likevel ser og høyrer: Jojo, men vi stod i alle fall for noko. Jojo, men levde i alle fall litt. Jojo, men vi måtte faktisk ut og finne oss jobb. Jojo, men det var i det minste dansbart.

Det er ikkje bra. Ikkje bra i det heile tatt.

Men ein dag skjer det. Det har skjedd alle som er eldre enn deg. Og ein dag skjer det deg. Kanskje er det dagen Prince dør.

Og du ser at det går an å gjere narr av alle dei førti-femti år gamle høgt utdanna kontormenneska med dårlig rygg som skal konkurrere om å vere mest fans på sosiale medium. Du ser at det går an å vere kritisk til mediefokuset. Du ser at det går an å latterliggjere dei semi-religiøse tankane til folk som skriv på facebook at ein eller annan på den andre sida bruker 2016 til å sette saman tidenes band. Du ser at alt dette går an.

Men du har ikkje lyst. Ikkje no, i alle fall. Kvifor? Det er unødvendig.

Ikkje at du har eit spesielt nært forhold til livet til denne mannen. Det er musikken. Du veit faktisk ganske lite om livet til denne mannen, innser du, når du les dei lynkjapt forfatta oppsummeringane av livet hans på nettet utover kvelden på torsdag (Kva?!? Var han Jehovas vitne?! Det må i så fall vere det mest grisete Jehovas vitnet nokosinne).

Men han har vore der, som veteranar har, om du har levd nokre år, mange gonger, på avgjerande stader og til avgjerande tider i livet.

Han var der i oppveksten. Det var han som fekk dei som aldri dansa til å danse, både på elevkveldane og på rockeklubben. Og det er som vi alle veit ein stor ting. Han var der på den interrail-turen. Og då snakkar vi den interrail-turen. Og ikkje minst var han der då de møttest, på den festen, og de begge kunne heile teksten til den songen. Og då snakkar vi heile teksten, ned til det minste «Oh!».

Og eg kjenner at eg har ikkje ein gong lyst til å gjere narr av Erna Solberg, som på torsdag kveld rykte ut på twitter, raskare enn ho nokon gong har rykt ut i ei politisk sak, og takka Prince for lydsporet til livet. Og gjorde seg tilgjengelig for intervju om Prince utover kvelden.

Eg ser at det går an å tenke: Patetisk. Typisk.

Eg ser at det går an å spørje: Ho er statsminister. Har ho verkelig ikkje betre ting å gjere?

Tja. Har ho no eigentlig det?

Kva ville ho gjort viss dette var ein heilt vanlig torsdag kveld, ein kveld då ingen bittesmå amerikanske popstjerner døde? Deltatt i ein debatt der ho gjentok dei same argumenta som allereie har blitt gjentatt i fire andre debattar tidligare på dagen? Sagt ordet «robust» ein del gonger? Lese dokument? Tatt ein ordførar i handa? Hoppa i havet i overlevingsdrakt?

Eg kjenner at eg blir glad av å vite at vi har ein statsminister som etter ein ørkeslaus møtedag, eller ein altfor lang samtale med ein FrP-statsråd som syt, låser kontordøra utan å ha fått med seg eit ord av det som har blitt sagt, og dansar. Ho lagar trutmunn. Ho seglar over golvet. Ho peikar på seg sjølv i spegelen. Og ho syng «Sexy motherfucker!»

Eg liker det.

Så kan vi le ein annan gong.


Først publisert i Aftenposten 23. april.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!