Startar opp med lesegledarar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne hausten vonar dei at ei gruppe på 10-15 bibliotekarar og lærarar melder seg på. Målet er å auke leselysta blant barn og unge.

Ansvarleg for det nye prosjektet og formidlar ved Nynorsksenteret Janne Karin Støylen meiner at dei absolutt har ein jobb å gjere.

– PISA-undersøkingar syner at me har mindre motiverte lesarar her i landet enn i andre land. Dei les ikkje på fritida fordi dei har lyst, det er noko dei driv med når dei må. Jentene les litt meir, men jamt over les våre ungdommar mindre enn andre, seier Støylen.

Ho trur at kvinnelege formidlarar kan gjere ein god jobb med å formidle god litteratur til både gutar og jenter, men at det er viktig at gutar ser menn som les.  

– Heldigvis er det mange menn som skriv for denne målgruppa, meiner formidlaren, som ikkje har reflektert over korleis dei skal rekruttere menn til prosjektet.

LES OGSÅ: Vil sjå fleire lesande menn

– Gutane taper noko
Ein av mennene som skriv litteratur som treff unge gutar er Tor Arve Røssland.

Spesielt etter spenningsboka «Gamer»har han fått mange tilbakemeldingar frå gutar som ikkje har lese noko særleg tidlegare.

– Gutar les nok mindre enn jenter, slik eg oppfattar det når eg er ute i skulane. Det er lettare for at dei les ein teikneserie eller ei fotballbok, enn dei store romanane. Det kan ha noko med at dei er meir rastlause enn jentene, trur forfattaren, som sjølv er far til to gutar og ei jente.

Han peikar på at gutar gjerne les på andre plattformer, som via spel, men at det ikkje vert heilt den same som roen som ved å lese ei bok.

– Det er klart gutane taper noko når dei ikkje les. Dei får mellom anna ei dårlegare språkforståing, seier Røssland, somtrur at det å sjå at førebilete les kan ha ein positiv effekt.

Men viktigast av alt er det at dei unge får tilgang på litteratur dei likar, strekar forfattaren under.

Nokre gonger kjem det skikkeleg oppløftande nyheiter, som får unge til å sluke bøker. Harry Potter-bøkene er døme på eit slik fenomen, som appellerte til både gutar og jenter. Då er tilgangen viktig.

– Budsjetta på skulebiblioteka må opp. Det hadde vore fantastisk om det kunne vorte ei innkjøpsordning for skulebiblioteka, slik at ein kunne sette det nyaste øvst, meiner forfattaren.