Stadig fleire eig for å leige ut

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blæs opp bustadprisane

Det blir stadig fleire nordmenn som kjøper ein bustad nummer to for å leige han ut. På Frogner i Oslo er fire av ti bustader eigd av andre enn dei som bur der. Dei fleste av desse blir leigd ut.

Frå 2012 til 2013 har talet på sekundærbustader, altså bustader som er eigd av personar som eig eller bur i ein anna bustad frå før, auka med 3,4 prosent, skriv Dagens Næringsliv.

Tala frå Skattedirektoratet viser at 15 prosent av bustadene i landet er eigd av nokon som eig bustad frå før. Då er ikkje fritidsbustader rekna med.

Dei fleste av sekundærbustadene er i dei største byane. Ein del av bustadene er kjøpt av foreldre som vil hjelpe barna sine inn på bustadmarknaden, men dei fleste blir leigd ut for å ha ei biinntekt. På Frogner i Oslo er heile 38,5 prosent av alle bustadene som er registrert av Skattedirektoratet, eigd av andre enn dei som bur der.

LES OGSÅ: Slik kan fleire gå frå å leiga til å eiga

Stipendiat Andre Anundsen ved Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo meiner dette er med på å auke presset i bustadmarknaden.

– Det er heilt utvilsamt at dette gjer det vanskelegare for dei som står utanfor bustadmarknaden, seier han.

Han meiner at dersom politikarane held oppe målsetjinga si om at så mange som mogleg skal kunne eige sin eigen bustad, må dagens skattesystem bli endra slik at det ikkje lenger er så lønnsamt å kjøpe ein bustad nummer to. (©NPK)

Kva meiner du om dagens bustadpolitikk? Bør det bli mindre lønsamt å kjøpa bustad nummer to?