Stadig fleire barn går på privatskule

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmange barn på privatskule

Hausten 2015 gjekk det 21.648 elevar på private barneskular. Det er ein auke på 7.000 elevar på ti år. Dermed går 3,5 prosent av alle barneskuleelevar på privatskular – ein auke på 1,2 prosentpoeng, skriv fagbladet Utdanning.

LES OGSÅ: Skulebyråd har born på privatskule

Fleire privatskular
Auken har skjedd jamt og trutt sidan 2005, viser tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI).

Einar Simonsen Plahter ved Utdanningsdirektoratets juridiske avdeling seier auken i talet på privatskular kan vere ei av forklaringane.

– Vi ser blant anna ein tendens til at det ute i distrikta blir oppretta friskular der det blir lagt ned offentlege skular, fordi foreldre og lokalsamfunnet ønskjer at barna framleis skal ha eit opplæringstilbod i sitt nærmiljø, seier han.

I fjor sommar vart dei borgarlege partia einige om ei ny friskulelov, som opnar opp for fleire privatskular i Noreg. Tidlegare måtte privatskular ha anten ein alternativ religiøs profil eller ein alternativ pedagogikk, som til dømes Steine-skulen og Montessori-skulen.

I den nye lova har regjeringa opna for at private aktørar kan opna skular med ein alternativ profil som til dømes realfag eller språk. Dei opnar og for at bransjen kan gå saman og danne yrkesfagskular.

Lova har mellom anna blitt kritisert av Utdanningsforbundet som fryktar at aukt privatisering vil gå ut over det offentlege tilbodet.

LES OGSÅ: Kristenskule får grønt lys

Opprør
Regjeringa fekk òg kritikk for forslaget om å auka den nedre grensa for elevtal ved privatskular frå 15 til 30. Montessori-rektor Kirsten Inga Kamrud kalla forslaget «distriktsfiendtleg»medan Noregs Mållag,  Landslaget for nærmiljøskulen og skuleforskar Rune Kvalsund ikkje var basert på kunnskap og forsking.

Denne kritikken er teke omsyn til og i den nye lova er det framleis krav om at skulen skal ha hatt 15 elevar eller meir dei tre siste skuleåra.