Stadig færre tar abort

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet viser ein nedgang på 6 prosent frå året før.

Nesten ni av ti abortar, 87,5 prosent, vart gjennomført med medikament, ein auke frå 45 prosent for ti år sidan.

Abortraten fall frå 11,7 til 11 per 1.000 kvinner i fertil alder (15-49 år), viser tala frå Abortregisteret. Abortraten fall til 7,6 per 1.000 kvinner i aldersgruppa 15 til 19 år. I 1980 var talet 22,4 per 1.000 kvinner i alderen 15–19 år. Den gongen hadde denne aldersgruppa den høgste abortraten av alle.

81 prosent av abortane i fjor vart utført før veke ni, og 96 prosent var sjølvbestemte.

Norske kvinner kan sjølv bestemme om dei vil avbryte svangerskapet dei tolv første vekene. Etter dette må ein søke om abort hos ei abortnemnd. Abortnemndene kan i spesielle tilfelle, og om det er tungtvegande medisinske grunner til det, innvilge abort fram til 22. svangerskapsveke.

LES OGSÅ: Seier ja til blodprøve som kan avdekkje Downs syndrom