Springerinne til hjelp

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Kristin Roset var 20, vart ho norsk meister i 800 meter. Men då hadde ho allereie fått eteforstyrringar, som ho sleit med i 13 år.

I 2010 starta ho behandlinga mot eteforstyrringane, og på same tid starta ho Springerinne-bloggen.

LES OGSÅ: Eit vindauge mot verda

Etter nokre månader med blogging, byrja ho å fortelja opent om eteforstyrringane og behandlinga – samt treningstips og kvardagshistoriar. Springerinne er vekas blogg, som du kan lesa her.¨

Framtida leiter etter verdas beste nynorske blogg

Ein slags terapi

– Å skriva om eteforstyrringar er ikkje vanskeleg, sidan eg kjenner den ut og inn. Men det er klart det bringer med seg ein del kjensler og minner, spesielt no når eg er frisk og skriv om hendingar frå nokre år sidan, fortel Kristin Roset.

LES OGSÅ: Sjukdommen me ikkje blir kvitt

Då ho byrja med blogginga, var det delvis for å få utløp for skrivetrangen, og å oppdatera familien heime om kva ho dreiv med.

– Etter rundt fire månader i behandling kjende eg for å skriva om det eg gjekk gjennom i prosessen. Litt forsiktig opna eg meg om tankane mine og fekk ganske raskt respons frå lesarar som kjende seg att og fekk hjelp i det eg skildra.

Etter kvart vart skrivinga ein slags terapi.

– Det var og ein måte å sei ifrå på til omgjevnadane at eg ynskjer å bli frisk, og at det var grunnen til at eg la på meg og endra meg til å bli meir og meir den ekte Kristin. Det å ha ei eteforstyrring inneberer blant anna frykta for kommentarar om utsjånaden og liknande. Og eg visste at slike uskuldige kommentarar kunne velta fleire veker med intens jobbing med psyken. Då hjalp det å skriva det ned til offentlegheita.

Sidan då har ho blitt frisk, mamma og journalist. Lenge var ho redaktør for sportsmagasinet Birkebeiner'n, ho held løpekurs for mange – og ho reiser rundt for å halda foredrag om eteforstyrringane.

Vil du lesa fleire gode, nynorske bloggar? Sjå her

Veit det hjelp

Når ho held foredrag, får ho god respons frå publikum, folk som kjenner seg att i problema. Ho er ganske trygg på at det ho skriv er til hjelp for andre.

– Eg veit det hjelp andre, utifrå kommentarar, mailar, og ikkje minst pårørande som ringer i desperasjon over at ein dei er glad i er sjuk.

LES OGSÅ: Filosofisk til middag

Ho veit og at det er mange som treng hjelp, og kor vanskeleg vegen kan vera tilbake frå ei eteforstyrring.

– Det er mykje å ta opp når det gjeld denne sjukdommen, men det eg er mest oppteken av er korleis ein kan snu og bli frisk att. Eg hugsar sjølv kor frustrert eg var over å vita kor farleg det var å bryta ned kroppen slik, medan eg likevel ikkje vart kvitt monsteret i hovudet. Innlegga berer difor preg av konkrete tiltak eg har gjort for å pusla saman bitane utan å ta alt på ein gong. For det er ikkje mogleg med psykiske lidingar.

LES OGSÅ: Ugandisk anti-homolov er ugyldig

Ikkje berre sjukdom

Det skal seiast – Roset skriv ikkje berre om eteforstyrringane. Springerinne er like mykje ein treningsblogg.

– Utanom positiv respons rundt temaet eteforstyrring er det springetipsa som fangar andre lesarar. Sidan springing har vore ein så stor del av livet mitt er det natuleg å skriva om nett det.

Ho fortel at lesartala varierer, alt etter kvar ho publiserer blogginnlegga sine. Alt frå 500 til 5000 lesarar per innlegg.

– Målgruppa er todelt; dei som er sjuke og deira pårørande, samt trenarar og dei som vil halda seg spreke med springing.

Veit du om gode, nynorske bloggar? Tips oss!

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.