Språkrådet møter Regjeringa.no

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsken var praktisk talt reinska vekk da Tryggings- og servicesenteret til departementa (DSS) i byrjinga av desember i fjor lanserte ein ny felles tospråkleg portal for Statsministerens kontor og departementa. Berre bokmålsnamnet, «Regjeringen.no», er synleg på sida, og i adressefeltet blir nynorskbrukarar og avvikande bokmålsbrukarar parkerte til www.regjeringen.no. Der må ein stadig leite godt for å finne tekst på nynorsk.

– Regjeringa tok styringa for eit Noreg med to jamstilte språk og kom ut som ei bokmålsregjering, sa leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, til Framtida.no i desember.

LES OGSÅ: Regjeringa har blitt til regjeringen

Møte om språkbruken
No har Språkrådet invitert DSS og departementa til møte om målbruken i den nye regjeringsportalen og korleis departementa kan arbeide for å oppfylle krava i mållova. Dei fleste har sagt at dei kjem til møtet måndag 23. januar, fortel seksjonssjef Kristin Solbjør i Språkrådet.

– Språkrådet har overtatt tilsynet med målbruken i departementa frå Kulturdepartementet, og derfor har vi bedt om eit møte med departementa og DSS for å høyre meir om tekstproduksjonen deira, kor dei meiner skoen trykkjer, og kva vi eventuelt kan gjere for å hjelpe, seier Solbjør.

LES OGSÅ: Språkdirektøren: – Ser ikkje så bra ut

– Eit stykke igjen å gå
Språkrådet trur den nye språkvekslingsløysinga kan fungere, men føreset i invitasjonen at departementa og DSS er einige i at det er viktig at alle skal kunne føle seg heime, språkleg sett, på «landets mest sentrale offentlige nettsted».

– Vi synest det kan vere bra med målveksling på Regjeringa.no, men da må begge målformene vere godt synlege. Vi såg at det var lite nynorsk i starten, men det har tatt seg opp. Dei har enno eit stykke igjen å gå, men det kjem seg, seier Solbjør.

Med det nye ansvaret for mållovstilsynet med departementa lover Språkrådet å følgje opp målbruken i departementa jamleg framover. (©NPK)

LES OGSÅ: Krev svar på nynorskdumping