Språkgledepris til Kristin Fridtun

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristin Fridtun får Språkgledeprisen for kreativitet i arbeidet som foredragshaldar, fast spaltist i Dag og Tid og sakprosaforfattar. Det er blitt tre bøker med norsk språkhistorie som fellesnemnar. Tema er tydinga og bakgrunnen til nynorsk, etymologi – læra om opphavet til orda – og bruken av kjønn i språk. Juryen trekker fram korleis vanlege ord og uttrykk blir spennande ved hjelp av stor språkleg presisjon og stilsikker eleganse.

– Kristin Fridtun er full av entusiasme og språkkunnskap. Den blandinga er krut! Hen skaper engasjement for språk og spreier språkglede i alt hen gjer, seier seksjonssjef i Språkrådet Nina Teigland til NTB.

LES OGSÅ: Kjønnspøbelen Kristin Fridtun 

Aasens image
I grunngivinga si for pristildelinga brukar Språkrådet «hen» om Fridtun og meldinga er på nynorsk, som er Fridtuns skriftspråk:

– Eg vaks opp i Hedmark med bokmål som hovudmål, men eg syntest det var eit sympatisk prosjekt Ivar Aasen starta. Eg likte tanken bak, å samle norske dialektar til eitt skriftspråk. Dessutan er nynorsk veldig ryddig, det appellerte til meg. Det er fint i dikt, men duger på handlelappen også.

Nynorsk appellerer ikkje like mykje til alle, noko Fridtun meiner handlar om mytar som vert overleverte frå generasjon til generasjon. Ho hadde sjølv fordommar:

– Eg trudde nynorsk var eit vestlandsspråk. Då eg byrja å bruke det, fann eg ut at det ligg tett på eigen dialekt. Det var det ingen som hadde sagt, at nynorsk byggjer på austlandsdialektar også.

På skulebesøk skal det ikkje meir til enn å nemne at Ivar Aasen var tidleg i 20-åra då han sette i gang med nynorskprosjektet, så er éin myte knekt:

– På alle bilete vi har av han, er han ein gammal mann, så sånn sett har Aasen eit imageproblem.

LES OGSÅ: – Eg tenkjer på Ivar Aasen kvar dag 

Hen-syn
Fridtun får også prisen for «å riste nytt liv i pronomensystemet ved å ta i bruk «hen» som kjønnsoverskridande pronomen»:

– Som transperson oppfattar eg ikkje meg sjølv som mann eller kvinne. Derfor prøver eg ut hen om meg sjølv, fordi eg prøver å sjå korleis det fungerer for meg. Eg brukar det også når noko ikkje er kjønnsspesifisert.

– Funkar det?

– Det er litt uvant. Ho og han er så automatisert, eg har kanskje brukt det fleire hundre tusen gonger i livet, eg må gi hen litt tid. Men det er fint å ha eit alternativ. Det er ganske gøy å bruke det, det har ein funksjon og fyller eit hol i språket.

LES OGSÅ: Nynorsk for nyfikne 

Rett og gale
Fridtun er for klart språk og flosklar. Utover det er ikkje meiningane så bastante:

– For meg handlar ikkje språkglede først og fremst om rett og feil bruk, ny eller gammal stavemåte. Det handlar meir om det fascinerande ved det folk oppfattar som daglegdags og keisamt språk.

Alle ord har eit opphav, dei spreier seg og utviklar seg. I Noreg har historia bak ord og uttrykk fått ein populærvitskapeleg appell, og Fridtun har bidratt med mange aha-opplevingar:

– Ein lærer mykje meir enn språk gjennom etymologien. Alt frå folkemedisin til religion set spor i orda. Eg oppdagar noko heile tida. Det siste eg snubla over var at ordet tøddel betyr brystvorte, det er eit tysk lånord. (©NPK)