Sportsstipend for dataspel

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

IGN.com skriv om Robert Morris University (RMU) i Chicago, som no har lagt inn e-sport som ein del av idrettsprogrammet på skulen. Dei skal og delta i Collegiate Star League, der fleire andre universitet og er med. RMU er likevel det einaste universitetet som har League of Legends (LoL) som ein del av studieprogrammet – dei andre deltek med studieorganisasjonar og liknande.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

League of kva?

For dei uinnvigde, så er League of Legends eit dataspel. Faktisk er det eit utruleg stort dataspel, med rundt rekna 27 millionar brukarar dagleg. Spelet har blitt enormt populært sidan det kom ut, og er eit MOBA-spel – Massive Online Battle-Arena. Utan å bli for detaljert om kva det faktisk er, går spelet ut på å velga ein helt, komma på lag med nokre andre, og så slåss mot det andre laget.

LES OGSÅ: Spelar seks timar dagleg

Kvifor ikkje?

No har spelet, og konkurransane som følgjer med, altså nådd universitetsnivå i USA, og Robert Morris University tilbyr å dekka halvparten av semesteravgift og bukostnader som ein del av stipendet. Det blir ein sum på $19.000 – nærare 117 000 norske kroner.  Planen til skulen er å rekruttera 27 spelarar, ni lag med tre spelarar på kvart lag, til programmet.

Til IGN.com seier assisterande sportsdirektør for RMU, Kurt Melcher, at han vart sjokkert over storleiken på spelet, og kor engasjert miljøet rundt League of Legends er.

Vidare seier han:

– Me gir stipend til ei rekkje ulike interesser, som amerikansk fotball, basketball og fotball. Så me tenkte – «Kvifor ikkje dette og?»

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet

Her kan du sjå eit døme på kva League of Legends går ut på – og kor stort det kan vera. Klippet er frå VM i fjor. Ja, VM.

Faktaboks

League of Legends er eit MOBA-spel.

Fortkortinga står for Massive Online Battle Arena

Spelet går ut på at ein vel ein helt, deler inn i lag, og slåss mot kvarandre – for å forklara det enkelt.

No kan du få sportsstipend på ein skule i USA om du er ordentleg flink

Kvart år blir det arrangert store meisterskap i League of Legends, på same måte som til dømes Starcraft II, DOTA 2 og Counter-Strike