Spadetak mellom ord og ting

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ytringa var først publisert på Aasentunet.no

Å kalla ein spade for ein spade. Det er vel det ein seier, når ein påstår at ein er typen som seier tinga slik dei er. Paradokset er at saka er det motsette: ein spademetafor vert nytta, samstundes som avsendaren krev truverde knytt til å uttala seg om heilt andre ting enn spadar. Me bør med andre ord vera på vakt for dei som kallar ein spade for ein spade.

Å kalla ein spade for ein spade. Greitt nok, med spade kan me forstå ein reiskap til å spa med, som har skaft og blad. Problemet er at ‘spade’ vert for generelt. Det finnast mange typar spadar i verda, så kva spade er det du snakkar om? Det kan bli noko meir treffande om me legg til bruksområdet til ‘spade’: anleggsspade, snøspade, betongspade, bilspade, grøftespade, hagespade. Eg lurer på om ikkje hagespade nokre gonger og heiter planteskei, berre sånn for å vera på den sikre sida. I omgrepet vert det einskilde viska ut. Omgrepet ‘spade’ er difor sjølv løgnaktig.

Å kalla ein spade for ein spade. Spørsmålet er om det let seg gjera. Ein kan godt seia ‘spade’, men verken lyden eller skrifta festar seg ved spaden. Det finst ikkje nokon direktekopling mellom ord og ting. Ordet ‘spade’ heng i lause lufta. Det kunne like godt vore bytt ut med noko anna. Edaps, til dømes. Ein verkeleg spade kan ein stikka i jorda og grava med.

Stikk ein spaden i jorda og spør seg kva det vil seia å ha eit medvite forhold til korleis og kva språk er, kan ein fort verta svimmel. For medvitet er sjølv konstruert rundt språket sin lest, eller kanskje vevd i same spinn. Berre prøv å tenka utanfor språket. Kva bablar eg om, seier du? Eg peikar berre på at me treng godt graveutstyr for å forstå korleis liva våre er prega av språket me ikkje berre har, men også er.