– Sosialistar veit lite om fornuft

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Demokratane i USA har gjort det, og mange sosialdemokratiske parti har gjort det same. Flytta politikken sin, særleg økonomisk sett, til høgre for å lokka fleire høgreorienterte veljarar over til seg.

Men dette er ingen god strategi, ifølgje George Lakoff, professor i språkvitskap ved University of California, Berkeley, ifølgje videnskab.dk.

Han viser til at hjernen vår er ordna slik at vi blir meir høgreorienterte jo meir vi er utsett for konservativ tenking, og vi blir meir venstreorienterte jo meir vi blir presentert med sosialistiske løysingar på problema i samfunnet.

Gå til høgre – tap veljarar
­– Dei fleste har høgreorienterte haldningar i høve til nokre ting – og venstreorienterte i høve til andre, seier Lakoff.

Han har nett avslutta ei bok som fortel dei amerikanske Demokratane kva ord dei skal bruke om dei ynskjer å bringe dei konservative Republikanarane på defensiven.

– Alle typar venstreorienterte vil gjerne møte veljarane der dei er. Difor går dei til høgre og snakkar med veljarane si konservative side. Men ved å gjere det, blir veljarane berre stadfesta i det konservative verdsbiletet – dei blir meir høgrevridde. Det syner studia våre av språk og metaforar, seier George Lakoff i eit foredrag om medvit, metaforar og politisk utforming ved Københavns Universitet.

«Skattelette» gjer oss venstrevridde
George Lakoff er kjend for å analysere korleis politikarane kan setje rammene for kommunikasjonen deira med metaforar i språket deira. Han seier at høgrepartia i mange tiår har vore suverene til å kommunisere på eit språk som kan forføre den menneskelege hjernen.

– Når George W. Bush heldt den første talen sin etter at han vart innsett som president, brukte han ordet "skattelette". Og det gjorde han i praktisk talt alle talar etterpå. Ei «lette» oppstår når nokon fjernar eit ubehag – til dømes smerte. Dette tyder at den personen som vil gje deg lindring, er det god fordi han vil fjerne smerta. Og han som ikkje vil gje deg lindring, er vond, seier George Lakoff.

Sosialistane gjer feil
Det kan verke merkeleg at alle verdas høgreparti kan finne ut korleis dei kan påverke dei politiske haldningane til veljarane, medan sosialistar ikkje kan. Men forklaringa er svært enkel:

• Venstreorienterte politikarar meiner at den menneskelege fornufta er påverka av gode intellektuelle argument, etter tradisjonen som vi kjenner frå opplysningstida på 1700 og 1800-talet.  Idèen seier at fornuft og kjensler er to svært ulike element. Opplysningspolitikarar trur at dei snakkar til kjenslene til folk av å bruke samanhengande argument og presentere grundige analyser. Den typen resonnement blir dyrka i universitetsstudium som statsvitskap og jus. Men det er ho ikkje. Det syner George Lakoff sin analyse av korleis vi forstår verda ved hjelp av språklege metaforar, kjensler og empati.

• Høgreorienterte synest heller å vite at vi menneske har ei fornuft som i særs stor grad er påverka av kjensler og empati. Og det utnyttar dei i kommunikasjonen sin med veljarar.
Dei innser at menneske ikkje kan oppfatte verda utan å gjere bruk av kjenslene sine og empati, noko reklamefolk har funne ut for lenge sidan. Om ein annonse skal gje oss lyst til å kjøpe ein cola, må han snakke til kjenslene våre.

Les òg: Musikk og politikk heng saman

Når høgreorienterte vel å studere eit fag på universitetet, endar dei ofte opp med marknadsføring, medan venstreorienterte ofte vel politisk vitskap

På denne måten får dei venstreorienterte feil oppfatning av korleis mennesket fungerer, utan eingong å vite om det, hevdar George Lakoff.

Han avsluttar med å anbefale at venstreorienterte heller studerer kunst og litteratur, noko som vil gjere det lettare for dei å forstå kjensler og empati.

Les meir på heimesida til Lakoff

George Lakoff: How Democrats & Progressives Can Win

Eller sjå dette lengre føredraget på C-Span:

“Don`t think of an Elephant: Know your values”

Faktaboks

George Lakoff er professor i Cognitive Science og lingvistikk ved University of California i Berkeley, kor han har undervist sidan 1972. Han har tidlegare undervist ved Harvard (1965-1969) og Universitetet i Michigan (1969-1972).

Han vart uteksaminert frå MIT i 1962 (i matematikk og litteratur) og fekk doktorgrad i lingvistikk frå Indiana University i 1966.