≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Film

Sosiale nettverk først oppdaga i Noreg

Facebook-filmen ”The Social Network” har teke namn etter sosialantropologisk nybrotsarbeid frå Vestlandet.

Svein Olav B. Langåker
laurdag 23. oktober 2010 09.04

Sosiale nettverk først oppdaga i Noreg Jesse Eisenberg (venstre) og Justin Timberlake i The Social Network. FOTO: Filmweb

John Arundel Barnes skapte historie i sosialantropologien etter å ha budd på Bremnes på Bømlo for nesten 60 år sidan. Her «fann han opp» omgrepet «sosialt nettverk».

Barnes kom til Bremnes vinteren 1952 for å få vita meir om småskalafisket i Noreg.

Han hadde fått i forskingsoppgåve å sjå korleis fiskebåtar gjekk i arv. Han fann raskt ut at dei fleste båtane var nye, og ikkje hadde gått i arv. Men det som låg an til å bli ein forskingsfiasko, skulle visa seg å setja spor langt fram i framtida.

«Gjørmete og kaldt», skriv han om førsteinntrykket av Rubbestadneset, i sjølvbiografien sin «Humping my drum» frå 2008. Han fekk bu hjå den pensjonerte læraren Mons Meling.

Han bestemte seg å studera frivillige organisasjonar. Kvar person var medlem i forskjellige sosiale felt, delt opp i territorie, utformelle nettverk og industri og fiske.

«Nokre gonger bestemte medlemskap kva ein skulle gjera. I grendelaget møtte ein i bedehuset, der ein oftast sat etter kvar ein kom frå. Når det var bryllaup sat ein med
familien eller naboar», skriv han i artikkelen «Class and Committees in a Norwegian Island Parish».

Var han spion?
Ikkje alle skjønna kva han dreiv med. Seinare blei han fortalt at folk blei skeptiske då dei såg han gjekk han opp på ein bakketopp på Meling for å få oversyn nok til å teikna eit kart.

Var han ein britisk eller russisk spion, eller kanskje skatteinnkrevjar?

John A. Barnes kom først til Noreg allereie rett før andre verdskrigen braut laus. Sommaren 1939 drog han til nokre avsidesliggjande svensk-samiske område. Men han skriv i sjølvbiografien sin at han ikkje orka å vera der på grunn av myggen. Då han noko seinare skulle reisa ut av Noreg, frå Kristiansand, blei skipet kalla tilbake. Tyskland hadde invadert Polen. Barnes hadde lite pengar igjen, men fekk betalt opphald på

Holms Hotell på Geilo. Her blei han prøvd verva som spion.

«Eg har aldri angra på at han ikkje lukkast med meg», skriv Barnes i sjølvbiografien sin.

Bedehus med e
Medan han laga kart, merka John A. Barnes at fleire hus blei kalla bedehus. Frå førvisste han om finske saunaer. Så han gjekk ut frå at bedehus tydde «badehus». Han fann
snart ut at dette var feil. Den einaste saunaen i kommunen, var ein provisorisk i Rubbestadneset.

Barnes var ein svoren ateist, men skjønna tidleg at det var i bedehuset mykje av det sosiale livet skjedde, og måtte bli med på bedehuset, anten han likte det eller ikkje. Seinare fekk
han sett at det var forskjellar på indremisjon og Maran Ata. Ein gong gjekk han på eit Maran Ata-møte for å sjå korleis tungetale utarta seg. Etter ei stund blei han sentrum for
møtet, og dei spurte han ut om trua hans. Han klarte å sleppa unna, skriv han, men då han kom heim var Litle-Mons, son til Store-Mons, skikkeleg sint.

Han meinte Maranata var ukristeleg, og klarte ikkje å bli overtydd om at Barnes berre var interessert i dei som ein antropolog. Seinare skreiv Barnes ein eigen artikkel om det
religiøse livet på Bremnes.

Ikkje berre likskap
Barnes fann at bremnesingen som nordmenn flest ser på samfunnet som eit likskapssamfunn. Men til forskjell frå fleire klassedelte samfunn, meiner Barnes at nordmenn ikkje kan ha
personleg kontakt med nokon ein ikkje er på same nivå med.

LES MEIR: Difor funkar Facebook!

I Bremnes viser det seg at dei sosiale nettverka er sett saman av folk som ser på seg sjølv som likemenn. Folk som høyrer til lågare eller høgare klassar kjem utanfrå. Når dei
kjem til kommunen, blir dei behandla som om dei har høgare eller lågare status enn dei sjølve.

Dei med meir pengar enn andre brukte berre sjeldan pengane på prangande forbruk, som bilar, dyre klede og store hus. Det vanlegaste var å bruka pengar på utdanning til borna sine.

Auka ulikskapar
Barnes ser for seg at ulikskapen vil bli større med åra, nettopp gjennom at nokre får høgare utdanning enn andre.

Jan Petter Blom, professor emeritus og ein av nestorane ved Institutt for sosialantropologi i Bergen gjev Barnes rett i dette.

– John A. Barnes fekk rett då han såg at ulikskapane ville auka i framtida.

Han legg vekt på at Barnes brukte omgrepet «sosialt nettverk» på ein annan måte enn det som
er vanleg i dag.

– Han er rekna som den første som brukte omgrepet analytisk, og var ein av nyskaparane i teikninga av sosiale nettverk, seier Blom.

– Ein nordmann har eit sett av personlege relasjonar som skil seg frå organiserte fellesskap som alle bedrifter, lag og statlege institusjonar. Eitt av poenga hans er at nordmenn ikkje kan ha eit personleg forhold til andre viss det er forskjell i sosial status. Det er forskjell på folk. Dette spegla seg i personlege relasjonar og er uavhengig av inntekt og utdanning.

– Dette får konsekvensar for korleis bygdelivet er, og korleis folk blir rekruttert til verv på grunnlag av nettverka i lokalsamfunnet.

– Barnes skreiv denne artikkelen før utdanningsrevolusjonen på 60-talet i Noreg. Han skriv mellom anna at om ein til to generasjonar vil ulikskapane bli større fordi fleire dreg vekk og får seg utdanning. Fekk han rett?

– Ja. Det er ikkje berre når det gjeld utdanning dette utspelar seg. Det er vanlegar no at folk isolerer seg frå sine opprinnelege nettverk som slekt og skuleklassar. Kollegaforhold blir stadig viktigare.


LES MEIR I SUNNHORDLAND 23. OG 26. APRIL!


Oppdatert: måndag 8. november 2010 09.19
Kommentarar 0

Sosiale nettverk først oppdaga i Noreg
John A. Barnes på tur i Lake Country i 1998. FOTO: PRIVAT

Sosiale nettverk først oppdaga i Noreg
Rubbestadneset på byrjinga av 50-talet. Her gjekk John A. Barnes først i land på Bømlo, og her budde han òg den siste perioden han var her.

Faktaboks

■ John A. Barnes blei fødd 9. september 1918 i England.

■ Engelsk sosialantropolog og professor, kjent for å vera ein av nyskaparane av teikninga av nettverk og den første som bruker omgrepet «sosialt nettverk» i vitenskapleg samanheng i artikkelen «Class and Committees in a Norwegian Island Parish» frå 1954. Artikkelen er resultatet av nær to år med feltarbeid på Bremnes.

■ Barnes tilhøyrde Manschester-skulen av antropologar, og var student av Max Gluckman. Desse la vekt på å studera personlege relasjonar og sjå korleis desse var med på å bestemma korleis folk handla
og kom til avgjersler og reglar.

■ Sosialantropologi er eit fag innan samfunnsvitskapen som studerer dei sosiale og kulturelle sidene ved menneskelege samfunn. Les meir på WIKIPEDIA!

 
ANNONSE: