Song er tatt ut av forslag til ny læreplan

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Song er tatt ut av ny læreplan

I dagens generelle del av læreplanen er song nemnd fleire gonger. I framlegget til ny generell del av læreplanen er ikkje song nemnd med eitt ord.

– Det er verkeleg synd. Me har ein god del forsking på kva songen har å seia for oss. Songen bind oss saman, og er ein del av den sosiale og kulturelle oppdraginga vår, seier Jarle Fremvåg, prosjektleiar for Krafttak for song.

I går kunne Framtida.no fortelja at berre kring halvparten av barneskuleborna syng kvar dag.

– Overraskande
Bjarne Dæhli (bildet), generalsekretær i Norsk Musikkråd, er overraska over at song er tatt ut av den generelle delen av læreplanen.

– Det er overraskande når me veit at skular som satsar på utvida musikkundervisning gjennomgåande har eit betre skulemiljø. Betre skulemiljø gir eit betre læringsmiljø, understrekar han.

LES OGSÅ: – Syng lyst og sakte for å få med borna

Manglar skaping
Dagleg leiar i Musikk i skolen Ulrika Bergroth-Plur (bildet), er kritisk til at ein i det nye forslaget gjennomgåande koplar kreativitet opp mot effekten av skapande verksemd.

– Den nye generelle delen av læreplanen manglar stort sett heile verbet «å skapa», seier ho til Framtida.no.

Bergroth-Plur er ikkje overraska over at song ikkje er nemt i forslaget og seier dette er noko dei vil  kommentera i høyringssvaret til Kunnskapsdepartementet før fristen går ut 12. juni.

Framleis opning for song i skulen
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har ikkje hatt høve til å svara på spørsmål frå Framtida.no.

Avdelingsdirektør Borghild Lindhjem-Godal i Kunnskapsdepartementet, seier dei aller fleste ikkje ønskjer at den nye læreplanen skal bli for lang og omfattande, samstundes som mange vil at han skal seia meir om det dei synst er viktig.

– All omtale er på eit overordna nivå, til dømes blir kunst og kultur omtala. Det vil òg omfatta song, seier ho.

Ho presiserer at samstundes som den nye generelle delen skal leggja føringar for den kommande fagfornyinga, så skal han òg verka saman med dei nye læreplanane for fag som enno ikkje er laga.

– Det betyr at sjølv om noko ikkje er omtalt i ny generell del, så vil det likevel kunna vera ein del av innhaldet til skulen.

LES OGSÅ: Vil ha «Nordmannen» inn i skulen

Frå «skal» til «kan»
Fred Ola Bjørnstad ved Høgskulen på Vestlandet har forska på songen sin plass i skulen i mange år, og var i 2014 med på å gi ut boka Med sang! om skulesongbøkene sidan 1814.

Han fortel til Framtida.no at song har vore ein del av skulen i minst to hundre år, men at songen har blitt mindre sentral i læreplanane dei siste tiåra.

«Skuledagen skal ta til med skritlesning, bønn og/eller salme eller annan høveleg song» heiter det i mønsterplanen frå 1971.

– I mønsterplanen frå 1985 kom det eit skifte. Då byta ein ut ordet «skal» med ordet «kan», fortel han.

Bjørnstad synest det er synd viss det blir mogleg å velja vekk song i skulen.

– Me har alle behov for å få ut noko. Songen er eit kulturelt uttrykk, og gjennom songen kan ungane få uttrykka seg, påpeikar han.

– Trist at ikkje alle får syngja!
Odin Steinnes Kårbø er elev i 7. klasse på Tjødnalio skule på Stord. Han synest det er trist at ikkje alle får syngja på skulen.

Sjå reportasje frå Tjødnalio skule der 7.klassen syng nesten kvar dag: