Søndagsopne butikkar på høyring

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debatten er ikkje over, og temperaturen vil nok ikkje gå ned med det første. Regjeringa sendte i dag ut to ulike modellar for søndagsopne butikkar på høyring.

– Det har vore eit stort engasjement i denne saka, og derfor ønskjer me å høyre begge framlegga slik at alle sider blir belyst. No blir saka sendt ut på høyring i tre månader, seier kulturminister Thorild Widvey.

LES OGSÅ: Søndagsope kan bli miljøbombe

Skuffa
Hovudforslaget til regjeringa gir butikkane høve til å halda opent alle vanlege søndagar, men foreslår å halda stengt på særskilde heilagdagar, samt 1. og 17. mai. I alt vil det seia at butikkane vil vera stengt 12 dagar i året.

At forslaget blir sendt ut på høyring, blir ikkje godt motteke hos KrF, som heile vegen har kjempa imot forslaget.

– Eg er skuffa. Eg hadde håpa at den klare motstanden vår ville få regjeringa til å tenka annleis, men eg registrerer at dei likevel vel å køyra på, seier Geir Bekkevold frå KrF til Aftenposten.

Han legg til at forslaget vil føra til store samfunnsendringar.

– Statsråden seier at folk no kan velja sjølv kva dag i veka dei skal ha fri. Men ei stor gruppe – skulebarna – kan ikkje velja dette. Mange barn vil no oppleva at foreldra må jobba og ikkje kan vera ein del av fridagen til familien, seier Bekkevold.

Redd for distrikta
Eit anna argument som blir mykje brukt mot søndagsopne butikkar er at distrikta kan verta lidande. Kommunikasjonsdirektør i Coop, Kristin Paus, fryktar forslaget vil i verste fall gjera at butikkar i distrikta må leggast ned.

– Viss distriktsbutikkane går dukken, har det store konsekvensar for lokalsamfunnet og busetjinga, seier ho og peikar på at butikkane i distrikta er ein viktig møteplass og bidreg til å halda oppe busetnaden.

LES OGSÅ: Fryktar søndagsopne butikkar vil svekkja distrikta