Sommarferie på laboratoriet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Ein unik moglegheit til å få teste skuleteoriar ut i verkelegheita, seier ho.

Hoggen skal begynne på sitt fjerde år på NTNU til hausten, og i sommar jobbar ho på teknologisenteret til Hydro i Årdal. Interessa for kjemi og teknologi har alltid vore der, og no får studenten verkeleg prøve seg.

– Eg har alltid vore nyfiken og lurt på korleis og kvifor ting skjer. Då eg hadde kjemi på vidaregåande skule oppdaga eg at dette var ein måte ein kunne forklare desse tinga på. No får eg vere med på å teste om teoriar stemmer over eins med verkelegheita. Dét er spennande, seier Hoggen.

På aluminiumverket i Årdal produserer Hydro årleg om lag 190.000 tonn aluminium. Metallet vert sendt til kundar over heile Europa og vert nytta i alt frå nettbrett og datamaskiner til bygningsmaterialar, bildelar og tynn folie på innsida av drikkekartongar.

– Arbeidet mitt i Hydro går i hovudsak ut på at eg skal analysere prøver og utvikle nokon databasar for å handtere resultata, seier Hoggen.

– Det beste med arbeidsdagen er å sjå at dei testane eg utfører faktisk er nyttige og at dei kjem til nytte i produksjonen, seier ho.

Vil forske på framtida

– Som kjemistudent har eg mykje erfaring med arbeid på laboratoriet, og dette har kome til nytte i arbeidet mitt her på Hydro. Mi kompetanse innanfor bruk av Excel har hjelpe meg til å kunne lage ein god database, og arbeidsdagane er utfordrande og varierte, seier Hoggen.

Den 22 år gamle ingeniørstudenten har valt å spesialisere seg innanfor materialteknologi, og syns variasjonen innanfor feltet er det som gjer det så spennande.

– Ved å velje denne retninga får eg moglegheita til å lære om eigenskapane til ulike materiale og korleis ein kan bruke dei best mogleg. Fornybar energi og solcelleteknologi er ein stor del av årsaka til at eg brenn for dette. Dersom ein ser på det store bilete kan materialteknologi faktisk løyse energikrisa i verda, og det hadde jo vore ganske kult å få til. Også teknologien som finst i til dømes smarttelefonar kjem i stor grad frå forsking innanfor materialteknologi, seier Hoggen.

Framtidsplanane til Hoggen er ikkje heilt fastsete endå, og inntil vidare fokuserer ho på utdanninga.

– Det hadde vore spennande å ta doktorgrad og verte forskar på heiltid, eller kanskje bli realfagslærar på vidaregåande, kven veit. I første omgang må eg nok konsentrere meg om å fullføre studiet, fortel Hoggen.

Heimtraktene må vente

Sjølv om Hoggen har åtte intensive veke hos Hydro, har ho fått til ein liten tur over dammen. Det blir ikkje noko Volda-tur med det fyrste, men ho satsar på å få sjå heimtraktene om ikkje så alt for lenge.

– I ferien skal eg til USA for å besøke vertsfamilien min frå vidaregåande. I tillegg til å treffe gamle vener og familie skal vi på hyttetur, fisketur og det blir nok tid til ein god del shopping også. Det vert diverre ikkje så mykje tid i Volda i sumar, men eg kjem innom ein liten tur før eg reiser til Danmark på utveksling. Det er alltid like kjekt å kome heim, avsluttar Hoggen.

Les saka i Mørenytt!