Som å bruke pose i sekkeløp

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Roman: Fugletribunalet

Forfattar: Agnes Ravatn

Forlag: Samlaget

Utgjeve: 2013

Agnes Ravatn har sidan debuten i 2007 lukkast med å få folk til å humre og trekke på smilebandet. Difor kom det kanskje overraskande på nokon når den kritikarroste forfattaren frå Vindafjord i haust leverte ein roman med ein noko djupare klangbotn.

Retrospektiv opprulling
I Fugletribunalet tek ho av loket og skildrar korleis det kan syde ned i gryta når noko så forferdeleg har skjedd i livet at einaste løysinga er å trekke seg vekk frå storsamfunnet.

Skandalen som råkar hovudpersonen, NRK-personlegdomen Allis Hagtorn, etter ho var dum nok til å ha seg med kringkastingsjefen, vil ingen ende ta. Ryktet hennar er øydelagd, og difor ser ho seg nøydd til å flytte frå både kjærast og karriere i byen. Det er bakteppet for at ho ved romanen si innleiing står med blanke ark på døra til den like ustabile og einsame Sigurd Bagge.

LES OGSÅ: Rasmus Rebellen: Føreseieleg forfader

Det er begynninga på ein aldri så liten tragedie: Den startar godt, med ein frisk ny start, men endar i desperasjon og liding. Ravatn viser fram to emosjonelt ustabile skjebnar som balanserer på same kanten. Allis Hagtorn ber om jobb som hus- og hagehjelp, men mot slutten av romanen endar ho opp med å dyrke og dekke over heilt andre ting enn bærbuskar.

Frå ganske tidleg skjønar altså lesaren at noko ikkje heng på greip. Ravatn lukkast med å gi meg kjensla av at noko grums heile tida er på veg opp til overflata, både i form av drifter og dramatiske løyndomar. Både for Allis Hagtorn og Sigurd Bagge er det like vanskeleg å rømme frå fortida. Ved hjelp av ein kløktig retrospektiv teknikk gjer dei lagnadstunge hendingane frå gamle dagar seg gjeldande for dei begge, og i romanens spanande klimaks-scene får det konsekvensar at ingen av dei to har sagt den fulle og heile sanninga.

Sydande erotisk og ironisk ladd kammerspel
I boka freistar Ravatn å bore djupare inn i mennesket sin psykologi enn ho har gjort før. Som eit ledd i dette speler teksten på ein stadig aukande seksuelt ladd spaning mellom Allis og Sigurd, og det er lett å sjå korleis denne dramaturgien kan verke pirrande på ein del lesarar. Utan at dette er ei bok med noko eksplisitt sex, er det likevel eit aldri så lite semi-erotisk kammerspel lesaren ser utspele seg i det avsidesliggande huset ved fjorden. Huset skaper ei klam, klaustrofobisk ramme rundt relasjonen deira, og sjølv om dei ikkje er gift, minner stemninga rundt kjøkkenbordet stundom om Ingmar Bergmans Scener fra et ekteskap.

Samstundes er det mogleg å argumentere for at det Ravatn lukkast best med ikkje er skildringa av slike ulmande drifter og eksistensiell fortviling, men latterleggjeringa av hennar eigen hovudperson, Allis. Dette er både styrkene og svakheitene til romanen.

LES OGSÅ: Den globale Austen

For på same måte som den klassiske tragedien viste fram menneskelege svakheiter, skriv Ravatn med ein ironi som går både ut over den kronisk underdanige og infantilt ryggmargslause førstepersonstemma til Allis, men som òg går over hovudet på henne:

“Om ettermiddagen kom han opp med eit fat mosa banan og ei skei, eg kjende meg som eit barn. Han hadde ei bekymra mine, eg hadde gått opp i feber (…) Eg var heilt elendig, men så veldig lykkeleg over å ha denne tilgangen til han. Håpa eg aldri ville bli frisk.” (141)

Heile vegen vert Allis framstilt som servil, røyndsfjern og avhengig av denne eldre mannen si godvilje og blikk. Er det mogleg at Ravatn her karikerer sjølve stereotypien av ein desperat “gold digger” – eit karrieremedvite medietryne som veit å innynde seg hos maktpersonar?:

“Eg lurte så inderleg på korleis han ville eg skulle vere, eg kunne gå inn i kva rolle som helst, det var mitt store talent, uansett kven eg snakka med, tilpassa eg meg dei umerkeleg (…) No fylte han òg glaset på ny, og då han til slutt sleppte oppi ein isbit og ei agurkskive, blei eg varm, eg tok det som ei stadfesting av min person, at han godtok meg, eg tolka det som ein tilnærmingspolitikk.” (99).

Her speler Ravatn på dei strengane ho er best på, og utleverer romankarakteren til lesaren. Dette fungerer på eitt nivå, det humoristiske, men måten ho gjer det på tek ut noko av djupna i det psykologiske portrettet av Allis, gjer ho flatare og meir eindimensjonal enn ho treng å vere. Allis kjem ut ferdigtygd og halvvegs latterleggjort på eit sølvfat. Lesaren får såleis ikkje like stort høve til å fylle ut tomroma i karakteren Allis, som hadde vore tilfelle viss ironien ikkje hadde vore like drepande tydeleg frå Ravatn si side.

Les fleire bokmeldingar her!