Solberg: Sandberg bryt samarbeidsavtalen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solberg: Han bryt avtalen

 Solberg kommenterte allereie torsdag saka og skildra fråsegnene frå Sandberg mot KrF som ukloke. Fredag gjekk ho lenger, og sa at dei var uakseptable.

– I avtalen står det at politikken vår skal byggja på eit fleirkulturelt samfunn og at mangfald i Noreg faktisk er bra. Så det politiske innhaldet og tonen til Sandberg er heilt uakseptabel, seier Solberg til NRK.

Fråsegna frå Frp-nestleiaren om at KrF har eit ansvar for at menneske frå Noreg blir med i terrororganisasjonar har vekt både oppsikt og politiske reaksjonar frå mange hald. Partileiar Siv Jensen gjekk fredag ut og orsaka fråsegnene frå sin eigen nestleiar. (©NPK)