Sol slår ut kol: – Vil få store konsekvensar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre den siste månaden har India droppa planane om byggja 14 svære kolkraftverk. Fallande prisar på solceller er årsaka, melder den britiske avisa The Independent.

Kolkraftverka ville hatt ein effekt på nær 14 gigawatt, om lag den samla effekten av kolkrafta i Storbritannia.

– For første gong er solkraft billegare enn kol i India, og konsekvensane dette vil ha for energimarknadene er djuptgåande, skriv analytikaren Tim Buckley i ein artikkel på nettsidene til Institute for Energy Economics and Financial Analysis.