Sogn og Fjordane går vekk frå lokale fråværsreglar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opplæringsutvalet i Sogn og Fjordane har bestemt at vidaregåandeelevar i fylket likevel ikkje kan få køyreopplæring registrert som gyldig fråvær.

NRK skriv at utvalet har landa på at elevane i Sogn og Fjordane må rette seg etter dei nasjonale fråværsreglane for vidaregåande skule.

Mange var kritiske til regelendringa som inneber at elevane kan ha maksimalt ti prosent fråvær i kvart fag, og Sogn og Fjordane fylkeskommune gjekk inn for at køyreopplæring måtte telje som gyldig fråvær.

Dette fall ikkje i god jord i Kunnskapsdepartementet, og no er det altså avgjort at fylket må følgje det nasjonale regelverket. (©NPK)

LES OGSÅ: Frp-støtte til gyldig køyretimefråvær