– Snus er like farleg som røyk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å anbefale snus som eit trygt alternativ til tobakksrøyking er ikkje lenger godt grunngjeve. Det er å lure ungdom til å bli avhengig av eit stoff som på lang sikt kan gi alvorlege helseproblem, seier Eli-Anne Skaug, forskar ved NTNUs Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk, til gemini.no.

Ho og tre kollegaer har gjennomført ein stor studie med grunnlag i funn frå HUNT 3, den store befolkningsstudien i Nord-Trøndelag.

1.500 friske menn fekk målt blodårefunksjonen sin – eit mål for risiko for hjarte- og karsjukdom – og snusarane kom like dårleg ut som røykjarane.

I det såkalla kondisprosjektet i HUNT 3 var snusbrukarane yngre enn tobakksrøykjarane. Likevel var blodårefunksjonen dårlegast hos dei som snusar.

Forskarane fann også at snus er spesielt skadeleg for dei som ikkje held seg i god fysisk form.

(©NPK)