– Snakk med kvarandre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I den fyrste tida er det viktig å ha nokon å snakke med, både for dei som er nært berørte av tragedien og dei som står lenger unna, fortel psykolog Magne Vik i firmaet Psykologbistand.

Han påpeikar at det er viktig at folk fortel kvarandre kva dei føler, og ikkje sit åleine med det. Vik understrekar at folk ikkje skal vere redde for at dei pressar seg på.

– Mange er redde for å belaste ekstra, men det verste er når alle blir tilskodarar og er redde for å trakke over streken ved å tilby hjelp.

Sjølv om det er viktig å snakke med kvarandre, seier psykologen at det ikkje nødvendigvis er viktig for alle å snakke så innstendig om alt.

– Tilby kvarandre nærleik, men ikkje sjå på det som ei avvising dersom du strekk ut ei hand og nokon ikkje tek imot. Sjølv dei som held sorga litt på avstand vil sjå på det som ei støtte.

Kvardagen er medisin
Dei siste dagane har tv-sendingane gått konstant, og radio, aviser og nettaviser kjem med stadig nye oppdateringar og detaljar frå dei grufulle terroråtaka fredag 22. juli. Slik vil det nok vere ei stund framover.

Psykologen rår oss til å ta pausar frå nyheitssendingane.

– Ta avbrekk, få søvn, gå turar og ver i fysisk aktivitet. Få tilbake litt av strukturen i livet. Det kan vere godt å treffe kollegaer og finne på noko heilt anna saman med familien. Å få tankane over på noko anna kan ha ei terapeutisk effekt.

For andre kan nettopp det å få informasjon gjennom nyheitssendingar vere ein måte å kome seg gjennom sorga på. Det kan likevel vere lurt å gå litt til og frå, tilrår Vik.

Ein del av livet
I sorgprosessar er det fleire fasar, og ikkje alle reagerer likt. Fyrst kan ein bli nomen og få kjensla av at det er uverkeleg. Vidare kjem sorga, etterfølgt av ei bearbeidingstid. Så skal ein kome seg vidare, noko som for mange kan verke umuleg.

– Å leve med sorg eller sakn er ein del av liver som kan handterast, og som det går an å leve vidare med. Dei fleste finn ein plass for sorga i livet, og kan reorientere livet etter denne, seier Vik.

Han fortel at enkelte kan vere redde for å kome for tidleg ut av sorgfasen.

– Nokon kan føle at det er gale av dei å kome raskt gjennom sorga, men dette må ein ikkje ha dårleg samvit for. Vi er alle ulike, for nokon tek det kort tid, for andre lang tid. Vi handterer sorg ulikt, utan at det dreier seg om kvalitetar ved oss som menneske.

Sorg i lokalsamfunnet
Dei grufulle terroråtaka mot Regjeringskvartalet og Utøya har råka enormt mange over heile landet. Fleire kommunar har mista ein eller fleire ungdommar, og igjen sit dei pårørande. Mykje av sorgarbeidet vidare vil gå føre seg gjennom lokale kriseteam rundt om i kommunane.

– Det er viktig å nytte seg av denne hjelpa, det er ein rett du har som pårørande, seier Magne Vik. Han fortel at det er viktig at dei pårørande er tydelege dersom det er noko dei treng hjelp til, slik at kommunen blir klar over det og kan trå til.

– Det å få ei lokal forankring i sorgarbeidet er ein styrke på lang sikt, påpeikar Vik. Psykologen trur det ligg mykje omsorg klar til utdeling rundt om i lokalsamfunna.

– Eg trur vi er meir enn nokon gong motiverte for å vere tilgjengelege for kvarandre. (©NPK)

Del tankane dine med oss! Skriv i kommentarfeltet, eller skriv eit innlegg på framtida.origo.no!