SMS: Setningar Med Smilefjes?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifjor hadde me eit intervju om korleis jenter og gutar formulerer seg når dei skriv dagbok. Her kjem eit nytt bidrag til forskinga om forholdet mellom kjønn og skriftleg kommunikasjon. Sidan berre gutelaget var representert under førre undersøking, vil vi denne gongen fordoble kvaliteten på datamaterialet ved å ha med eit heilt intervjuobjekt frå båe kjønn.

Digital smilestil
– Sender de smilefjes på sms viss de er i dårleg humør?

– Ja. Eg håpar jo å få det same symbolet attende, for det muntrar meg sjølv opp, seier Karina Sanni (22). Anders Aas Nordin (22) er einig.

– Men de veit jo ikkje sikkert om den andre personen er glad idet den sender eit smilefjes attende?

– Ein sender ikkje dette teiknet fordi ein er i godt humør, men for å glede den andre ved å vise ei positiv innstilling, forklarer Karina.

– Dei som aldri brukar smilefjes, har ikkje skjønt at det skaper god stemning, samtykker Anders.

– Sender de digitale smil til kven som helst?

– Ikkje til framande. Og heller ikkje til folk som har ein profesjonell relasjon til meg, til dømes lærarar. Det går jo ikkje an, slår Anders fast.

– Å? Det kunne eg ha gjort!, ler Karina.

Ho utdjupar:

– Betre med eit smil for mykje enn eitt for lite. Alt blir liksom forsterka på sms.

– Fråvær av smilefjes kan ofte tolkast litt negativt, men eg meiner likevel at det er betre med eitt smil for lite enn eitt for mykje. Eg vil først og fremst framstå sakleg når eg skriv til folk som ikkje er vener eller familie, forklarer den tjuetoårige guten frå oljebyen.

Han kjem på at det er enno ei gruppe menneske som han aldri sender ein «smiley»:

– Dei som ikkje er tekniske når det gjeld sms-språk.

– Eg sendte symbolet til far min i to år utan at han forstod kva det skulle tyde, kjem det frå den jamngamle medstudenten. Men ho legg til at ho held fram med å tilføye eit smil så ofte som råd, i tilfelle mottakaren skulle setje pris på det.

– Er det samsvar mellom bruk av smilefjes og personlegdom?

– Ikkje så veldig. Det største samsvaret er nok mellom sms-stil og kjønn, meiner Karina, og Anders nikkar.

Båe to trur at dei kan representere sitt eige kjønn når det gjelder forventning til og bruk av vennskapelege symbol i tekstmeldingar.

For og mot kreativitet
Finst det andre teikn som kan gjere same nytten som eit smilemerke?

– Utropsteikn viser iallfall meir engasjement enn punktum, meiner Anders.

– Ja, punktum er som å snakke med dalande tonefall, og kan lett tolkast negativt…, nikkar Karina.

…og to punktum er aller verst! Det seier liksom ingenting.

– Er det sant? kjem det overraska frå Anders.

– Brukar de smil med blunk som ein variasjon?

– Ikkje no lengre. Det er litt for «fjortis», nesten i same kategori som «koz», meiner Karina.

Anders har ei anna oppfatning. Han fortel at han bruker blunkefjes når han skriv til jenter. Ikkje for å flørte, men for å vise tydeleg når han tøysar.

– Men «piiiz» på slutten av ein setning har eg for lengst slutta med. Det er iallfall «fjortis»!, understreker han.

– Kan ei kreativ tekstmelding formidle det same som eit smilefjes?

– Ja, det er hyggeleg å få unike meldingar. Då føler eg at personen viser interesse for å ha kontakt, svarar Karina.

– Eg synest det er heilt overflødig med ein slik form for kreativitet. Tekstmeldingar er ikkje til for å tolkast, men for å gje ein kort og klar beskjed, meiner Anders.

– Viss nokon alltid ordlegg seg på same måten, er det altså greit for deg?

– Ja, absolutt.

– Eg hadde følt meg veldig avvist viss eg alltid hadde fått det same svaret! Då hadde eg tenkt at personen ikkje gidd å prøve å skape ein dialog, meiner Karina.

Studentane diskuterer med kvarandre ei stund. Etter kvart vert dei samde om at dei set mest pris på å få eit svar som er like forseggjort som den førre meldinga dei sjølve sende til same person. For Anders vil det som regel seie at han føretrekker korte svar, og for Karina vil det vanlegvis seie at ho ynskjer litt meir både på og mellom linjene. Men det kjem også an på situasjonen og kven dei skriv til.

– Eg er meir personleg når eg skriv til jenter, for dei set som regel meir pris på det. Og sjølvsagt aller mest til kjærasten, presiserer Anders.

– Same her, avsluttar Karina.

Les saka i Magasinett!