≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Miljø, Hav

Småreker fulle av forureining – 10.000 meter ned i havet

Kva skjer med forureiningane som synk til havbotnen?

Åsmund H. Eikenes
søndag 26. februar 2017 10.19

Småreker fulle av forureining – 10.000 meter ned i havet Hirondellea gigas, eit av krepsdyra full av forureining Foto: Alan Jamieson/Newcastle University

Nyleg rapporterte eit forskarteam frå Newcastle University om funna sine frå to av dei djupasta havområda i verda.

Resultata er «ekstraordinære», konkluderer marinøkolog og hovedforfattar Alan Jamieson.

Teamet samla inn ulike artar av krepsdyr frå 7000 til 10 500 meters djupn frå to plassar vest i Stillehavet, Marianergropa (aust for Filippinene) og Kermadecgropa (aust for New Zealand).

– Dyra var fulle av dei to typane forureiningar vi leita etter, fortel Jamieson i eit blogginnlegg på universitetet si heimeside.

LES OGSÅ: Så mykje plast finn dei på havbotnen

Forureiningane i krepsdyra var PCB (polyklorinerte bifenylar, brukt i elektronikk) og PBDE (polybromerte difenyleterar, nytta som flammehemmarar). Felles for dei to er at dei ikkje vert brotne ned, men vert i staden ein evig del av kretsløpa. Konsekvansane av forureiningane er ikkje kjente.

– Grunnlinja er at det havdjupet er alt anna enn unntatt frå konsekvensane av det som skjer over det, og det er på tide at vi ekjenner dette, avsluttar Jamieson.

LES OGSÅ: Sjå korleis planeten har forandra seg


Oppdatert: søndag 26. februar 2017 10.24
Kommentarar



 
ANNONSE: