Små barn, store ranslar

Marianne Granheim Trøyflat
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristin Vinje, utdanningspolitisk talsperson for Høgre, føreslår at femåringane skal inn i skulen. Ungane skal altså byrje eitt år tidlegare enn i dag. I ein situasjon der faretrugande mange droppar ut av vidaregåande skule, kan dette verke som heilt feil ende å starte i. Men kor ille er framlegget, eigentleg?

For eg byrja tenkje på meg sjølv som femåring. Eg gjekk i barnehage, men i tillegg gjekk eg på søndagsskule. Eg lærte om Jesus, læresveinane og ein liten luring ved namn Sakkeus. Dette syntest eg var svært fasinerande saker. Da eg kom på skulen følgde eg entusiastisk med i kristendomstimane. Der fekk vi vite meir om både kristne og ukristelege skapningar. Menneske som kasta kvarandre i brønnar, krossfeste og piska. Men som også kom med livsvisdom om nestekjærleik og å gjera mot andre om lag på same visen som ein sjølv kunne tenkt seg å bli handsama. Dette var kvalmt spennande og samstundes ein kime til mine første filosofiske tankerekkjer.

Læraren las for oss om Ola-Ola Heia. Det noko originale namnet skreiv seg av at to bestefedre, som ikkje kunne bli samde om kven av dei ungen var oppattkalla etter, til slutt måtte få viljen sin begge to. Det hugsar eg enno.  Så hadde vi gym og symjing. Mine klart dårlegaste fag (før vi fekk teikneforming i fjerdekasse). Ein av lærarane såg at eg var redd og ikkje greidde å symje på djupet. Han tok meg ut til ekstra trening i vekesvis, og lot meg kjenne meg som eit einaste stort freak show framfor dei andre elevane som held på med sitt på den andre sida av bassenget. Men han ga seg ikkje før eg kunne det. Og stolheita over å ha greidd det, kjenner eg enno kvar einaste gong eg sym ein stad det er for djupt til at eg kan stå.

For meg framstår det litt underleg om vi skal vera redde for at ungar skal lære for tidleg. Av dei største tinga eg hittil har opplevd, er å lære noko eg ikkje kunne før. Derimot er det eit par andre ting vi må vera å vakt for. Ungar må ikkje miste fysisk aktivitet og høvet til å vera spontane tidleg i livet. Det må heller ikkje oppstå ei frykt for å bli målt, mot seg sjølv og mot andre,  desse første viktige leveåra. Noko skulen sjølvsagt lett kan bidra til.  

Eg hadde neppe hatt vondt av litt lesetrening da eg var fem. Det skadelege hadde sjølvsagt vore om eg hadde vore lenka til ein pult 6 timar om dagen, vorte fortalt at eg var verdlaus om eg ikkje kunne bøye sterke verb, og at eg måtte ha ADHD om tanken på pannekaker med blåbærsyltetøy streifa meg under innlæring av gangetabellen.

Eg vil ikkje ha skule for femåringar. Men eg vil ha læring, og det finst det allereie mykje av. Nokon vil like å lære å lesa. Det merkar ein fort, akkurat som ein merkar kven som vil teikne litt ekstra mykje, og kven som er ekstra ivrige på å lære å sykle.   

Truleg er skulen for snever i læringsomgrepet. Læring er så mangt.  Mange unge menneske mistrivst svært på den arenaen som i dag er den aller viktigaste for å førebu dei til arbeidslivet. Vi har ein skule der dei som ikkje er så sterke i vanlege skulefag kjenner seg udugelege som menneske, og dei som er flinke, fort kjenner stress og press.  Begge gruppene mistar gleda over å lære og prestere.

Eg håpar det går an å endre på dette. Det viktigaste tiltaket er truleg tilstrekkeleg med lærekrefter til å sjå alle elevane. Lærarane må få høve til å konsentrere seg om undervisning, og det må vera mange nok av dei. For om vi er redde for at ungar skal byrje å lære tidleg, bør vi jaggu sjå på kva slags skule det er vi har.  Skulen skulle vore den plassen der mulegheitene opna seg. I staden opplever mange å bli motlause. At femåringar får lære på sine eigne premiss, på dei områda dei faktisk interesserer seg for, kan vera ein kime til å endre på dette.