Slik skal det bli færre bilar i byane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er forventa ein dramatisk folkevekst i byområda dei komande åra. Berre i Oslo-området er det venta 350.000 fleire innbyggjarar dei neste 30 åra.

– Dette krev svære investeringar i utbygging av kollektivtrafikk i byane, samtidig som det må satsast sterkare for å tilretteleggja for sykling og gåing, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

I forslaget til Nasjonal transportplan som blei lagt fram onsdag kjem Jernbaneverket og Statens Vegvesen med sine tilrådingar for samferdsle-Noreg dei neste 20 åra.

– I praksis må transportåtferda til folk i byane endrast, heiter det i forslaget.

Kollektivvekst
Byområda har i mange år hatt ein stor trafikkvekst, men dei siste åra har kollektivtrafikken auka. I Oslo og Akershus, der utfordringane er størst, har biltrafikken hatt høvesvis ein nullvekst og lågare vekst enn det det befolgningsutviklinga skulle tilseia.

I fjor blei det registrert 285 millionar påstigningar på buss, trikk, T-bane og båt i Oslo og Akershus. Det er ein vekst på 5,5 prosent frå 2010, ifølgje NTB.

LES OGSÅ: Utset snarveg til Oslo med 20 år

I Trondheim er biltrafikken redusert med 11 prosent etter at bompengar blei innført på nytt i 2010.

Tiltak mot biltrafikk
I delar av Bergen, Oslo og Trondheim må òg dagens biltrafikk reduserast for å betra lokal luftkvalitet.

Transportetatane meiner at det er behov for restriktive tiltak retta mot biltrafikken i byane for å endra reisevanane til folk.

– Køprising er eit effektivt verkemiddel for å redusera kø og betra miljøet i dei største byane, skriver utvalet.

LES OGSÅ: Oslo-ungdom vil bli kvitt bilane

Dei ønsker òg at regulering av høva for parkering blir brukt for å redusera biltrafikken.

For ei arbeidsreise i dei fire største byane vil sannsynet for å velja kollektivtransport i snitt vera halvert viss parkeringa er gratis, samanlikna med at den ikkje er det. Høge prisar bidreg endå meir, heiter det i forslaget.

Utvalet meiner òg at offentlege etater bør være et forbilde ved å ha få og avgiftsbelagte parkeringsplasser til sine ansatte der kollektivtilbudet er godt.

Korleis meiner du det går an å redusera talet på bilar i byane?