Slik sikrar du deg ei brannfri jul

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke måtte brannpersonellet på Stord rykkja ut til ein tørrkokt kjele i Furulyvegen. Det er langt ifrå den einaste utrykkinga til liknande ting denne månaden.

– Spesielt i desember, med mange julebord og mykje alkohol, sovnar folk ifrå maten i kjelen eller i omnen. Det kan fort utvikla seg til ein skikkeleg farleg brann, seier brannfagleiar Jan Tore Brückner.

– Kva førehandsreglar kan ein ta for å unngå at slike brannar oppstår?

– Det sikraste er sjølvsagt å kjøpa mat på vegen heim frå byen. Eit anna tips er ei såkalla komfyrvakt. Det er ein målar, som også kan etterinstallerast, som stengjer straumen om det blir for varmt. Det er også viktig å halda kjøkenet reint for feitt- og matrestar, seier Brückner.

Ifølgje Frende forsikring er «pizza- og steikjepannebrannar» kjende omgrep i forsikringsbransjen.

Ein årsaksrapport frå DSB slår fast at komfyren er den hyppigaste brannårsaka i heimen.

– Men i jula, og om vinteren generelt, er det også mange som har mykje levande lys og andre el-artiklar gåande. Syt for å blås ut alle lysa når du forlét rommet, held Brückner fram.

Det er også viktig å sjå til at el-artiklar er heile og at dei fungerer.

Les saka i Sunnhordland!