Slik kan Vestlandsuniversitetet bli

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha universitet for Vestlandet

Før sommaren blei alle universitet og høgskular invitert av kunnskapsminister Torbjørn Røe-Isaksen til å seia noko om korleis ei framtid med færre institusjonar kan sjå ut. Fleire har frykta for at dette kan føra til samanslåing av høgskular og sentralisering. På Stord er rektoren ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) offensiv.

– Me ser på dette som eit høve til styrkja tilbodet i regionen vår og eit spennande høve til meir samarbeid, seier Liv Reidun Grimstvedt og held fram:

– Geografien på Vestlandet er så annleis frå Austlandet, så me er nøydde til å tenkja annleis. Målet om at høgskulane og universiteta er eit verktøy for kompetanse og verdiskaping, føreset at det er ei spreiing av tilbod utover landet – elles blir det meir sentralisering.

LES OGSÅ: Lærarstudentar blir verande

Ny modell
HSH føreslår at universiteta og høgskulane frå Stavanger til Volda blir organisert som eit konsortium eller eit Vestlandsuniversitet der kvar av studiestadane held på ein grad av sjølvstende.

– Det er ikkje slik at studentar kan ha ein studiedag i Sogndal, så ein dag i Bergen og neste dag på Stord. Studentane må få vera på ein campus, men ved hjelp av til dømes nett kan dei få følgja undervising ved dei andre studiestadene når det er bruk for dette, seier Liv Reidun Grimstvedt.

I modellen blir det lagt opp til at høgskulestadane blir viktige drivkrefter for kunnskapsutvikling og innovasjon i samspel med regionalt offentleg og privat arbeidsliv og dei samarbeidande universiteta.

LES OGSÅ: – Må tenkje seg om

Lokal spesialisering
Grimstvedt understrekar at det er viktig at studiestadene får nok sjølvstende til at dei kan ha naudsynt lokal spesialisering.

Lærar- og sjukepleiarutdanninga vil stort sett vera like på heile Vestlandet. Men når det gjeld utdanningane og forskinga som er retta mot behova til næringslivet vil det vera større forskjellar. Dette gjeld til dømes ingeniørutdanningane.

– Det ein stor grad av spesialisering dei forskjellige stadene på Vestlandet, og stort behov for at me er treffsikre på behova til næringslivet, seier Grimstvedt.

Ho nemner at 81,5 prosent av ingeniørstudentane til HSH i fjor hadde fått tilbod om jobb eit halvt år før dei slutta.

– Viss me blir styrt heilt av andre, så er det ikkje sikkert at me vil få så treffsikre utdanningar.

Kor stor grad av sjølvstende studiestadene vil få, om det til dømes framleis skal vera eigne rektorar og administrasjonar på kvar studiestad, må utgreiast ifølgje Grimstvedt.

LES OGSÅ: Håpar å unngå høgskulefusjonar

Glad for innspelet
Tysdag var det opningssermoni, og HSH fekk besøk av statssekretær Bjørn Haugstad (H). Rektoren fekk heile dagen med statssekretæren.

Til Framtida.no seier han at det er for tidleg å seia noko om innspelet til HSH, men legg til:

– Det gler meg at oppdraget vårt til utdanningsinstitusjonane har sett i gang arbeid som gjev oss mange innspel.

Høgskulane og universitetet på Vestlandet samlast til styremøte i UH-nett vest 2. september for å gå gjennom forslaga til framtidig struktur. 25. september får dei svar frå kunnskapsministeren om dei kan gå vidare med modellen deira.