Slik kan du klara deg på eksamen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 22:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er eit slit, dette med eksamen. Om du ikkje har gjort som dei fleste vil rå deg til – å lesa stødig gjennom heile semesteret – sit du mest truleg med ein aukande puls no og angrar på at du ikkje booka ein permanent plass i lesesalen allereie i januar.

Men om du no sit der og kjenner kaldsveitten på ryggen, er det framleis nokre ting du kan gjera for å få eit godt resultat på eksamen. Her har du nokre tips.

LES OGSÅ: Tenk på sex, få A på eksamen

Ikkje gap over for mykje
Oddbjørn By er forfattar av boka «Memo – den enklaste vegen til ein betre eksamen» frå 2007. I eit intervju med Studvest forklarte han om noko av det han meinte var viktig for å hugsa mest mogleg før ein eksamen. Mellom anna bør ein ikkje prøva å hugsa alt – men sila ut det som er viktig.

– På den måten er førelesingane verdifulle. Då får ein eksperttips, og førelesaren vil som oftast gå gjennom det som sannsynlegvis vil komma på eksamen, sa By.

Han tilrår også å laga ei visuell reiserute gjennom pensum som skal hugsast. Med andre ord, sjå føre deg ei reiserute over eit område du kjenner godt. Ulike punkt på vegen knyter du opp mot deler av pensum du vil hugsa. Det er dette som er memo-teknikken.

– Fordelen med teknikken er at viss ein skal hugsa 200 ting til eksamen, og går gjennom det kvelden før, så veit ein nøyaktig kva som må terpast meir på. Terpinga kan ein gjera kvar helst, seier By.

LES OGSÅ: Musikken du likar drep produktiviteten

– Tenk på sex
Memo kan praktiserast på fleire måtar – og gründer i selskapet Memogym, Frank Wedde, har eit anna tips.

– Studentar legg ned veldig mange timar på å læra seg ting dei gløymer, seier han, og kjem med fleire råd til studentar.

Rådet hans er noko meir uvanleg – men kanskje det fungerer?

– Den delen av hjernen du brukar til sexfantasier, er den same som du brukar når du skal memorera. Difor rår eg alle studentar til å ha sex på hjernen medan dei puggar, seier Wedde.

LES OGSÅ: Slik blir du tatt i juks

Sov godt
I panikkrusen kan det vera fristande å døgna – søvn er trass alt berre tid du kunne bruk på å lesa litt meir.

Det er ikkje lurt, meiner ekspertane. Faktisk er sanninga det motsette – ei god natts søvn kan vera nøkkelen til eit godt resultat, skriv ScienceDaily.

Dr. Philip Alapat ved Harris Health Sleep Disorder Center er blant dei som tilrår å studera litt utover heile semesteret – men han legg til at det er på kveldane du konsentrerer deg best, i tida mellom klokka 6 og 8. I tillegg er dette viktig: Få minst åtte timar med søvn natta før eksamen.

– Hugsen og evna til å konsentrera seg er sterkt betra når ein er utkvilt, seier Alapat.

– Ved å førebu seg tidleg og å vera i stand til å hugsa det du har studert betre, har du mykje større sjans til å gjera det godt på eksamen, legg han til.

Han tilrår også at du ikkje får i deg for mykje koffein i eksamensperioden – noko som også er vanleg.

Men korleis får du sova når pulsen er høg før eksamen?

– Før ein legg seg skal ein ha ein nedroingsfase på to til fire timar. Unngå å trene hardt fysisk før du legg deg, seier søvnekspert Ståle Pallesen.

Han har fleire tips.

– Ikkje anstreng deg intellektuelt med vanskeleg stoff eller løys vanskelege oppgåver like før du går til sengs. Kjensler kan òg forstyrre søvnen, så ikkje ta opp ubehagelege ting med kjærasten rett før de legg dykk. Kutt ned på koffeininntaket, men spis litt før du går til sengs. Svolt forstyrrar òg søvnen.

Les fleire tips til eksamen her!