Slik held du hunden frisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Porten.no

Det var alle spørsmål då Årdal hundeklubb arrangerte temakveld om hundehald i kvardagen i Seimsdalen ungdomshus tysdag kveld. Veterinær Liv Romøren, frå Årdal Dyreklinikk, var på plass for å gi tips og svare på spørsmål frå dei 13 hundeeigarane tilstades. 

(Artikkelen held fram under biletet.)


– Det er lurt å bli kjent med normaltilstanden til hunden og ein bør kjenne over hunden regelmessig. Til dømes kan ein aggressiv type kreft endra seg mykje på ein månad, fortel Liv Romøren, veterinær ved Årdal Dyreklinikk. Foto: Ina Eirin Eliassen

LES OGSÅ: Hunden din blir faktisk sjalu 

Hoggormtablett – falsk tryggleik
Blir hunden biten av orm, skal du halde hunden i ro og ta den med til veterinær. Hunden bør bli bært, men er hunden er for stor er det viktig å halde området hunden er biten i ro så godt som mogleg. Dei fleste hundar vil halte, hovne opp, området kan bli misfarga og ein merker det på allmenntilstanden. 

– Ein har gått heilt vekk i frå å gi kortisontablett, som mange kjenner som "hoggormtablett", ved hoggormbitt. Sjølv om du kanskje ikkje trur hunden er dårleg etter du har gitt ein slik tablett, kan eit bitt gi alvorlege seinvirkningar, organsvikt og i verste fall død. Veterinæren gir veskebehandling og i nokre tilfelle antibiotika. I beste fall treng ikkje hunden behandlig, medan andre gonger treng hunden motgift, fortel Romøren.

(Artikkelen held fram under biletet.)


Minnie (3) høyrde på eigaren sin Aud Andersen og let seg ikkje vippe av pinnen sjølv om forsamlinga kosa seg med kaker. Visste du forresten at hundar kan bli forgifta av å eta mellom anna sjokolade, rosin, lauk og avokado? Foto: Ina Eirin Eliassen

LES OGSÅ: Hunden Fibi ammar katten Gerd

Ikkje så flott med flått
Flåtten er få millimeter stor når han festar seg, men kan bli rundt ein centimeter om han sit lenge nok. Ved fjerning er det viktig at ingenting blir sittande att i huden. Om flåtten har sete i mindre enn 24 timar er det liten sjanse for smitte av flåttbårne sjukdommar. Det finst testar som dyrlegen kan ta på hunden for å påvise slike sjukdommar, om ein mistenker at hunden er smitta, ifølgje Romøren. 

Det beste er sjølvsagt å forebygge mot flåttbitt. Flåtten fester seg ikkje like lett på hundar med til dømes tjukk og tett pels. Likevel oppmodar Romøren alle hundeeigarar om å sjekke hunden for flått. Område der hunden har mindre hår, som til dømes hovudregionen, kan vera utsett. 

Det finst forskjellige halsband (sjå det kvite halsbandet til Minnie på biletet nedanfor), som gjer at flåtten ikkje festar seg. Elles kan ein kan nytte dråpar eller tablettar mot flått. 

Likevel minnar Romøren om at ein ikkje bør bruke halsbandet om ein har små ungar som er mykje i kontakt med hunden. Da er det bedre med dråpar eller tablettar. 

– Både halsband, tablettar og dråpar er generelt godt tolerert, men det vil alltid vera nokon som kan få bivirkningar. Det nyaste på marknaden er ein tablett som virkar i 12 veker. Desse produkta er reseptbelagt, som du ringer veterinæren for å få. Da vil veterinæren og kunne gi råd om kva som passar best til akkurat din hund, fortel ho.​

LES OGSÅ: Med snute for å redde liv 

(Artikkelen held fram under biletet.)


Trykk med ein finger på tannkjøtet, det gir deg ein peikepinn på korleis blodsikulasjonen til hunden er. Etter 1-1,5 sekund skal tannkjøtet bli rosa att, fortel Romøren. Foto: Ina Eirin Eliassen

Parasittar kan smitta menneske
Nina Hunderi fortalde om då hunden hennar gjorde frå seg på stovegolvet og det som kom ut likna spagetti. Romøren fortel at det nok var rundorm, som er mest vanleg å sjå i oppkast. For hundar som et på avføring etter andre hundar, kan det vera aktuelt å ta med ei avføringsprøve på den årlige helsesjekken.

– Parasittar og innvollsormar smittar lett frå hund til hund. Difor er det viktig å plukke opp avføringa. I gamal avføring klekk egga, fortel Romøren.

Kvelpar skal rutinebehandlast for innvollsorm, men det "gamle regimet" med to gonger i året på vaksne hundar er det slutt på. For mykje og unødvendig behandling kan føre til resistens, difor er slike preparat reseptbelagt og behandling skal skje i samråd med veterinær. 

– Ein ting ein derimot ikkje skal slurve med er ormekur etter opphold i utlandet, seier Romøren. 

Ho fortel at dette er særleg viktig på grunn av revens dvergbendelorm. Den kan smitte menneske, gi alvorlig sjukdom og i verste fall føre til død. Til no finst ikkje den i Noreg, men den er elles i Europa. Har ein vore i utlandet med hunden, må hunden få behandling og veterinæren skal føre det inn i hundepasset. 

– Skal du ut å reise så ta kontakt slik at du er sikker på at du har dei vaksinane, papira og behandlingane som du treng. Det er mykje å ta hensyn til, alt etter kva slags grenser du kryssar med hunden, seier Romøren.

LES OGSÅ: Eit mareritt for hunden 

Undersøkjingar du kan gjera sjølv
– Nokon hundar kan gå med dei utrulegaste skader utan å seie i frå, mens andre seier fra ved det minste ubehag. Andre kan koma logrande inn på klinikken og sjå friske ut, etter å ha stura heime i fleire dagar. Det er slik du opplever åtferda til hunden heime som fortel mest om korleis hunden har det, seier Romøren. 

Går det så langt at du treng veterinær vil Romøren ofte stille slike spørsmål som kor lenge, kor ofte det skjer, endringer i mat- og drikkelyst, urinering og avføring. Dette kan ofte vere greit å tenke litt over på førehand.

Likevel er det fleire ting du kan gjera sjølv.

LES OGSÅ: Aggressive hundar har aggressive eigarar 

(Artikkelen held fram under biletet.)


Det varierar kor ofte ein klipper klørne til hunden. Hundar som går mykje på asfalt slit ofte meir på klørne, enn dei som går i skog og mark. Foto: Ina Eirin Eliassen

– Klipp klørne ofte og lite. Dei skal ikkje gå ned i bakken når hunden står. Å klippa for mykje kan skje alle. Det blør og det er lurt å ha blodstopp-pulver, men ikkje ta skrekken av den grunn. Alt som er holt på klørne kan du klyppa vekk. Er du usikker er det berre å be om hjelp, seier ho.

Pulsen kan du sjekke på innsida av låret på bakbeinet til hunden. Ein liten hund har kring 100 til 140  pulsslag i minuttet, medan ein stor hund ligg på 70 til120 pulsslag. Ein fuktig snute treng heller ikkje vera eit fast haldepunkt på om hunden har feber eller ikkje. Normaltemperaturen til ein hund er på 38-39 grader og du kan fint ta tempen heime. 

– Dess meir hunden er vand med frå den er liten, jo greiare er det når den veks til. Difor er det viktig å handtera hundane mykje frå dei er små, seier veterinæren.

Blir nok fleire temakveldar
– Kva tykkjer du om å blir invitert til ein slik kveld?

– Dette er første møtet ute etter eg starta i Årdal i 2012. Det er kjekt å ha kontakt med det store hundemiljøet i Årdal, avliva mytar og å få høyre om kva folk lurar på, seier Romøren.

Ho har vore ute i permisjon, men er no i full gang att ved dyreklinikken på Årdalstangen.  

Det er også første gong Årdal hundeklubb arrangerar ein slik temakveld. 

(Artikkelen held fram under biletet.)


Leiar i Årdal hundeklubb John Berg har tre hundar. Her har han med seg Gismo, ein shæferhund på 16 veker.  Foto: Ina Eirin Eliassen 

– Det er mykje me kanskje ikkje veit, sjølv om ein har vore hundeeigar i fleire år, som Romøren kan svara på. Det er greitt å ta det i eit slikt forum før hunden blir sjuk. I tillegg er det greitt å veta kven veterinæren er, seier John Berg, leiar av Årdal hundeklubb. 

Han tykkjer det er synd at ikkje fleire dukka opp, men at dei er velkomne neste gong. Årdal hundeklubb har i dag 104 medlemar og Berg ønskjer fleire hundeeigarar velkomen i klubben. 

Nyttig kveld
Eren Melheim har ein hund på 9 månader og melde seg inn i hundeklubben for eit halvt år sidan.

– Kva synest du om kvelden? 

– Me er med på trening med hundeklubben måndagar, og det er kjekt og interresant å koma her for å høyra på veterinæren. Eg fekk svar på mykje, men det kunne godt vore fleire hundeeigarar her, seier Melheim. 

Kjetil Haug er også positiv til kvelden. 

– Det er alltid noko nytt å læra. Her får ein diskutere problemstillingar med andre, då ein ofte ser seg blind når ein går åleine med hunden. Det er viktig at folk får informasjon om kva ein skal gjera om hunden blir biten av flått eller orm. Dei nye reglane for import av hund frå Sverige var også greitt å få med seg, fortel han.