Slik får du mest ut av solformørkinga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal du sjå solformørkinga?

I dag kan du sjå den første totale solformørkinga på norsk jord sidan 1954, men då må du vera på Svalbard.

– Sjølve fenomenet er ikkje så sjeldan å oppleva. Men det som gjer denne solformørkinga spesiell er at ho er så sterk, seier Kjell Korsvik.

49-åringen frå Fitjar har for lengst sikra seg fri frå jobb i dag for å følgja solformørkinga minutt for minutt.

Med full klaff, og klarvêr, kan mellom 93–95 prosent av sola vera dekt like før klokka elleve i dag.

– Då vil ein merka tydeleg at det blir mørkare. Er det overskya merkar ein det ikkje så godt, diverre, fortel Korsvik.

TEST DEG SJØLV: Kva veit du om verdensrommet?

Nordlys over Fitjar sentrum. Foto: KATHRINE KORSVIK

LES MEIR: Slik var solformørkinga på Stord i 2008

– Pass på augo!
Sjølv har Korsvik mykje utstyr for å følgja naturfenomenet. Men ifølgje astronomen treng ein ikkje mykje utstyr for å få glede av solformørkinga.

– Det viktigaste er å passa på augo. Sola er sterk, og solstrålar og UV-stråler er veldig farlege for augo, seier Korsvik.

Ein kan bruka både kamera og kikkert til å sjå på solformørkinga. Men då må ein ha riktig solfilter.

– Eg ville ikkje ha brukt kikkert utan spesialutstyr. Då er det fort gjort å øydeleggja netthinnene, seier Korsvik.

Sveiseglas eller sveisebriller er eit alternativ som ein kan bruka som solbriller.

– Men då bør ein nytta styrke 13, for å vera på den sikre sida.

Korsvik set ein papirlapp i eine enden av teleskopet, slik at sola prosjekterer eit bilete av solformørkinga på arket.

– På den måten slepp eg å sjå direkte på sola sjølv.

LES MEIR: Hoppa ut i verdsrommet

Bilete av den austlege månehalvdelen. Viser Mare Serenitatis, Mare Tranquillitatis og Mare Nektaris. Det var i dette området dei landa med Apollo 11, 16 og 17. Foto: Kjell Korsvik

Ikkje så sjeldne
Ifølgje himmelkalenderen.com er sola i runde tal heile 400 gongar større enn Månen. Men den er også omtrent like mange gongar lenger vekk. Difor verkar begge like store for oss når me står på jorda.

Den same nettstaden melder også at sjølv om solformørkingar verkar sjeldne, oppstår fenomenet fleire gongar årleg på ulike stader i verda.

Neste sjanse for ei total solformørking i Norge – også den på Svalbard – kjem ikkje før i 2061, melder himmelkalenderen.com

Orion-tåka. – Eit flott syn som også kan nytast gjennom ein vanleg kikkert. Denne ligg rett over sverdet i beltet på Orion. Foto: KJELL KORSVIK

Tidleg frelst
Korsvik fortel at han har vore oppteken av verdsrommet sidan han var liten. Men interessa eskalerte først då han fekk sjå meteorstormen i 2000.

– Det var eit fantastisk syn. Tusenvis av stjerner for over himmelen. Då blei eg hekta, seier Korsvik.

– Men kva er det som er så fascinerande med verdsrommet?

– Det må vera storleikane. Det er heilt vanvitig. Den største stjerna ein kjenner til inneheld 1,8 milliardar solmassar, svarer Korsvik.

– Oi. Kva vil det seia, eigentleg?

– Det er dritstort.

– Å ja. Skjønnar!

– Altså, dersom det hadde vore mogeleg sjølvsagt, hadde eit rutefly i marsjfart brukt 1100 år på å fly rundt.

Slik skal Kjell Korsvik følgja solformørkinga. I staden for å kikka inn i teleskopet brukar han eit ark for å sjå eit prosjektert bilete av fenomenet. Då er auga sikra. Foto: KJELL KORSVIK