Slik blir den nye ungdomsskulen

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik blir den nye ungdoms- skulen

Allereie frå og med hausten 2012 kan ungdomsskuleelevar få 1,5 timar meir valfag i veka, dersom kunnskapsminister Kristin Halvorsen får det som ho vil. I dag la ho fram ei ny stortingsmelding som vil gjere undervisninga i ungdomsskulen meir praktisk og variert.  

– Dette trinnet er pressa mellom barneskule og vidaregåande og fortener litt ekstra merksemd, sa Halvorsen då ho presenterte meldinga.

Nye valfag
Med 1,5 timar med valfag i veka frå og med hausten 2012 vil elevane kunne velje mellom fag som kunst og kultur, natur og miljø og entrepenørskap, samt fleire fag som enno ikkje er ferdig planlagde. Målet er å utvikle læreplanar i 10 – 12 ulike valfag.

LES OGSÅ: Vil ha større fridom på skulen

I tillegg skal elevar få tilbod om å følgje undervisning på vidaregåande skuletrinn. Men for å gjennomføre endringane trengst det pengar. Kunnskapsministeren lova nær ein halv milliard kroner til arbeidet med å førebu nye valfag.

– Vi vil gjere dette for at elevane i større grad skal kunne styre undervisninga i retning av sine eigne interesser, seier Halvorsen til NRK. Ho understreka at ho ønskjer seg både ein meir kreativ og krevjande ungdomsskule.

Fjernar eit fag
For å få plass til dei nye valfaga i timeplanen blir ein eksisterande time omdisponert, og skuleveka blir ein halvtime lengre. Samtidig blir faget elevrådsarbeid fjerna. Det fryktar Elevorganisasjonen er eit steg i feil retning.

– Vi er redde for at det vil stå dårleg til med demokratiopplæringa sjølv om Halvorsen seier at elevrådsarbeid heller skal dekkast i fag som norsk og samfunnsfag, seier politisk nestleiar Andreas Borud.

Kamp mot matteangst
I tillegg til satsinga på valfag vil kunnskapsministeren gå til kamp mot matteangsten som mange norske ungdomsskuleelevar slit med.

For å få opp matteinteressa vil kunnskapsministeren innføre bedre arbeidsmåtar og fleire praktiske utfordringar i faget. Lærarane skal óg blir drilla gjennom eit femårig program for god klasseleiing.

Det kan det sjå ut til å vere behov for, ifølgje ungdomsskuleelevane frå Sauda som Framtida.no på Sand.

– Vi treng meir engasjerte lærarar, seier Jon Ivar Tangeraas, og legg til at det er forskjellig frå lærar til lærar kven som klarer å lære best frå seg.

Midt på treet
Ungdomsskuleelevane frå Sauda er positive til fleire valfag. Mange av dei har allereie tre timar utdanningsval i veka, og tek gjerne imot fleire.

– Eg har elektro. Det hadde vore kjekt å ha hatt meir av det, seier Ørjan Klementsen.

Og det er ikkje berre han som saknar praktiske utfordringar.

– Det er for tørt. Det er for mykje teori, kjem det i kor frå gutane i klassen.

LES OGSÅ: Får ikkje tilpassa opplæring

Elevorganisasjonen er usikre på om den nye valfagssatsinga er vegen å gå for å gjere skulen mindre teoritung.

– Dette var litt midt på treet, vi saknar ei sterkare satsing på dei allereie eksisterande faga. Vi ønskjer meir kreativitet i klasserommet i alle fag. Valfag kan nok vere eit godt verkemiddel for motivasjonen til enkelte elevar, men ikkje for alle, påpeikar Anders Borud og held fram:

– Det er ikkje sikkert to timar sløyd på slutten av fredagen gjer deg betre i matte.

Faktaboks

Dette er dei føreslegne endringane:

* 10-12 nye valfag.

* 1,5 timar meir valfag i veka.

* Halvtime lengre skuleveke.

* Faget elevrådsarbeid blir fjerna.

* Kurs for lærarar i klasseleiing.

* Endra arbeidsmetodar i norsk og matte.