Slik blir den norske filmvåren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Varg Veum – De døde har det godt
Premiere 20. januar.

Ellevte og nest siste Veum-runde har Erik Richter Strand regi på, etter å ha gjort to tidlege Veum-filmar. Han tok utgangspunkt i ei novelle om Gunnar Staalesens evige bergensdetektiv, og bygde ut historia der ei asylsøkjarjente blir drepen – og der det høgt elska bogekorpset til bergensarane og losjemiljøet er dystre kulisser.

Inn i mørket
Premiere 3. februar.

Thomas Wangsmo debuterer som spelefilmregissør, og har også skrive manus om korleis påkjørselen av ein åtte år gammal gut utviklar seg til ein djup konflikt mellom paret som kjørte på han – og foreldra til guten. På rollelista står Thorbjørn Harr, Fridtjov Såheim, Laila Goody og Ellen Dorrit Petersen.

Thale
Premiere 17. februar.

Huldra kjem på kinolerretet i «Thale», der Aleksander Nordaas står for regi og manus. Fantasythrilleren har allereie fått agent i Hollywood, og interessa frå utlandet er stor etter at «Trolljegeren» gjorde veg for norsk folklore.

 

Kompani Orheim
Premiere 2. mars.

Regissør Arild Andresen tar hand om siste runde med filmar om Jarle Klepp, og tar han med tilbake til oppveksten, til det som blir ei meir alvorleg oppvekstskildring – ein mørkare film enn dei to førre basert på Tore Renbergs bøker. På rollelista Kristoffer Joner som faren og Cecilie Mosli som mora, mens unge Vebjørn Enger tek over Jarle-rolla frå Rolf Kristian Larsen.

Into the White
Premiere 9. mars.

Eit drama som startar som ein krigsfilm frå 1940, og held fram som eit fortetta, mellommenneskeleg drama – inspirert av ei sann historie. Med blant andre Rupert Grint og Stig Henrik Hoff på rollelista, og Petter Næss som regissør.

Fuck Up
Premiere 16. mars.

Same laget som står for «Dag» er denne gongen å sjå i ein svart actionkomedie, spekka med solide skodespelarar: Atle Antonsen, Jon Øigarden, Anders Baasmo Christiansen, Tuva Novotny, Iben Hjejle, og med Øystein Karlsen som regissør.

The Rocka
Premiere 16. mars.

Forteljinga om Big B Thunders (Hans Bastian Borg) som i ein alder av 44 år seier opp jobben og gjer alt for å bli rockestjerne. Ein rockekomedie om midtlivskrise og jakta på evig ungdom, som byrja som eit tankeeksperiment – men der regissør Robert Næss har gitt opp å skilje røynd frå film.

Varg Veum – Kalde hjerter
Premiere 30. mars.

Når finalen kjem for Varg Veum-filmserien, er det hovudrolleinnehavar Trond Espen Seim i som sjølv tar hand om regien.

– Eg har hatt den best betalte praksisplassen i norsk film, seier Seim om Veum-tida, og fortel at han ville ha med ei torturscene i filmen, som også går saktare enn dei andre fordi han «er meir glad i Chinatown enn Jason Bourne». Inn har regissør Seim også henta nye namn som Ingrid Olava og Kim Sørensen.

Dunderland
Premiere i vår.

Ein grøssar som fortel den uhyggjelege historia om teaterensemblet som slår seg til i ein gammal speidarleir i Dunderlandsdalen for å setje opp eit stykke om hekseprosessen på staden – men som vert innhenta av den hudreårlange forbanninga som kviler der. Inspirert av sanne historier, seier manusforfattar Nils J. Nesse, som også har regi saman med Finn-Erik Rognan.

Shakespeares skjulte sannhet
Premiere i mars.

Dokumentarfilm som følgjer opp tv-serien, og fører historikar og Shakespeare-ekspert Robert Crumpton og den norske hobbykryptologen Petter Amundsen saman. Sistnemnde hevdar som kjent at Shakespeare berre var stråmann for eit hemmeleg brorskap som skreiv i kodar.

– Det vi ser i filmen er byrjinga på at ein må skrive om historia, hevdar mennene bak. (©NPK)

QUIZ: Klarar du Den store bok-blir-film-quizen?