≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Livet, studentliv

«Skummelt å starta på vaksenlivet»

Det er skummelt å gå vidare. Det er skummelt å flytta frå heimen.

Rikke Næss
onsdag 3. august 2016 12.09

«Skummelt å starta på vaksenlivet» Illustrasjonsfoto: Peter Hershey/Unsplash

Det er skummelt å gå vidare. Det er skummelt å flytta frå heimen. Det er skummelt å starta på vaksenlivet. Det er skummelt å stå på eigne bein. Det er skummelt å ta nye val åleine, å vera endå meir sjølvstendig enn før. Men det er jo sjølvsagt noko spennande med det óg.

No byrjar snart eit nytt skulesemester. Eg, inkludert so mange fleire, går kvar vår veg innan utdanning. Me tek eigne val, ordnar oss sjølve. Vemodig, men spennande. Nytt system, nye ansikt, nye oppgåver. Alt er liksom nytt, og det blir ein første gong for alt – på so mange måtar. 

Vaksenlivet startar no. Betaling av husleige, handling av mat og mykje meir. Du veit, dei vaksen-tinga ein berre må gjera sjølv når ein har flytta vekk frå heimen. Det å stå på eigne bein veks ein liksom på. Ein får eit anna perspektiv på ting. 

Ein veit ikkje kva som ventar ein når ein startar på noko anna. Som sagt skummelt, men eg er klar. Klar for nye utfordringar, klar for å feila og å læra, klar for nye ansikt og nye tider, og klar for å få ei utdanning, som er so viktig!

Ny student? Les meir om livet som ny student her!


Oppdatert: onsdag 3. august 2016 17.49
Kommentarar



Rikke Næss

Jente på 19 frå Indre Sogn. Russ ved Sogndal vidaregåande skule våren 2016.

 
ANNONSE: