– Skulen må opna seg mot samfunnet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette kan hindra fråfall

Professor Jan-Birger Johansen kjem i desse dagar ut med boka Skapende og kreativ læring. Han meiner at entreprenøriell pedagogikk held oppe læringskrafta, og aukar trivselen og motivasjonen til elevane.

– Ein vesentleg side ved entreprenørskap handlar om å sjå seg sjølv, og kva ein kan, slår han fast.Der lærarane ikkje fangar talentet gjennom sosial samhandling tidleg i grunnskolen slit elevane med tilhøyrsle, og viljen til engasjement og motivasjon, seier han.

Me tek ein prat med han og kollegaene hans universitetslektor Ove Pedersen og professor Jarle Sjøvoll ved Høgskolen for profesjonsutdanning ved Universitetet i Nordland for å høyra korleis skulen kan bli endå betre på entreprenørskap. Universitetet satsar på pedagogisk entreprenørskap, og tilbyr både kurs i dette og i masterstudium i tilpassa opplæring.

– Sjukdomsteikn
– Opplæring av barn og unge er ikkje berre ei oppgåve for skulen. Ein er òg avhengig av ein god samanheng med resten av samfunnet – og bedrifter. Ein må låsa opp skulen, og sleppa inn bedrifter og andre som har høve til å informera om seg og sine aktivitetar, seier Jarle Sjøvoll.

– Det er kanskje vanskeleg å få til – å organisera ein skule som heng saman med samfunnet. Men alle i samfunnet har ansvar for det borna våre skal læra, legg han til.

– Har skulen fridomen dei treng for å opna seg opp?

– Skulane har meir fridom enn dei tør å ta i bruk, understrekar Sjøvoll, før han legg til:

– Ein av dei viktigaste politiske satsingane no, er å hindra fråfall. Det er eit sjukdomsteikn for norsk skule når ein tredjedel av elevane ikkje fullfører vidaregåande. Men der skulen satsar alternativt for å få med seg elevane, der ser ein at det er entreprenørskapstilnærmingane som verkar.

LES OGSÅ: Skaper fleire leiarar og bedrifter

I verdstoppen
– Det er få land i verda som kan måla seg med Noreg når det gjeld planar for satsing på entreprenørskap, seier Ove Pedersen.

– Korleis går det med oppfølginga samanlikna med andre land?

– Det skulle me gjerne ha meir forsking på, seier han.

Han legg til at dei låge arbeidsløysetala i Noreg er eit uttrykk for at me er blant dei beste på entreprenørskap.

– Kva meiner de er det viktigaste skulen bør satsa på for å skapa endå meir produktive og konkurransedyktige arbeidstakarar?

– Eg usamd i utgangpunktet for spørsmålet. Det er ikkje det som er det viktigaste, og ein kan mista noko undervegs om det er dette ein arbeider etter. Det viktigaste er å leggja til rette for gode læringsprosessar og forankrar undervisinga i kvardagen. La elevane løysa utfordringar som gjer at elevane ser meining i det dei driv på med. Då nærmar me oss noko, slår Ove Pedersen fast.

Universitetslektor Ove Pedersen (t.v.), professor Jarle Sjøvoll og professor Jan-Birger Johansen. Foto: Universitetet i Nordland

– Test-fokus skaper taparar
Den amerikanske skuleforskaren Yong Zhao åtvarar mot at eit jag etter betre resultat i dei internasjonale undersøkingane Pisa og Timms kan gå utover entreprenørskapskrafta. Han viser til at gode Pisa-resultat ser ut til å vera omvendt proporsjonalt med graden av entreprenørskap i landa som er undersøkt.

LES SAKA: Karakter-jag skaper færre gründerar

– Er det for mykje fokus på slike internasjonale testar?

– Det er ikkje nødvendigvis slik at testane seier noko om det å vera ein kreativ samfunnsaktør, seier Jarle Sjøvoll.

Han meiner dei internasjonale testane har for mykje fokus på 9. klassetrinn.

Om han skal åtvara mot noko, så er det at einsidig satsing på ei kunnskapstesting er med på å skapa taparar.

– Ein etablerer forventingar som er reaksjonære, seier han.

– Viss det er veldig stort fokus på testing, så vil jo det gå ut over noko anna, seier Ove Pedersen.

LES OGSÅ: Ein av fire drøymer om å starte eiga bedrift

Företaksamhet
Jan-Birger Johansen stiller spørsmål om lærarane er nok til stades for å bli kjent med elevane sine.

– Det er viktig å tilpassa læringa. Då må lærarane ha tid til å oppdaga potensialet i elevane, og leggja ein entreprenøriell strategi for kvar av dei, seier han.

– Kva bør lærarane gjera for å fanga talentet til alle elevar?

– Først og fremst vil samvær, samhandling og samtalar vera viktig for at eleven skal våga å presentera eit innhald med betydning for både personleg og intellektuell utvikling.

LES OGSÅ: – Eg har fleire meiningar no enn før

Ove Pedersen understrekar at entreprenørskap i skulen blir definert på fleire måtar.

– Entreprenøriell danning byrjar ein med allereie frå barnehagen av. Det handlar om å byggja sjølvtillit og evne til samarbeid. Frå ungdomsskulen er det snakk om nettverksbygging og utforskingsperspektivet blir viktig. Frå høgskulenivå er innovasjonsbiten av entreprenørskap viktig, fortel han.

– I Sverige kallar dei arbeidet med entreprenørskap for företagsamhet. Det er eit veldig godt ord. Det seier ikkje noko om entreprenørskap i økonomisk forstand, men om noko om lysten til å delta i samfunnslivet, seier Ove Pedersen.

Korleis meiner du skulane kan bli betre på å fremja entreprenørskap?