Skuleelevar må ete raskare

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delen elevar som får ein matpause på minst 20 minutt har sidan 2006 falle med mellom 5 og 8 prosent, skriv Aftenposten.

Minst etetid har barna som går på femte, sjette og sjuande trinn. 38 prosent av dei fekk i 2012 minst 20 minutts matpause, mot 45 prosent i 2006, ifølgje tal frå Helsetilsynet.

Helsedirektoratets retningslinjer slår fast at alle elevar bør få minst 20 minutt til å ete maten sin.

– Det er viktig at barn får minimum 20 minutt til å ete, særleg yngre barn. Veldig få vaksne ville vore fornøgde med ein matpause på 20 minutt, og barn et saktare enn vaksne. For lita tid kan lett føre til halvetne matpakkar, barna kan bli svoltne utover dagen og det kan gå ut over læringsmiljøet og trivsel, seier divisjonsdirektør Knut-Inge Klepp i Helsedirektoratet.

Foreldreutvalet for grunnopplæringa meiner at ein matpause på 20 minutt bør lovfestast. (©NPK)