Skulebesteforeldre skaper samhald

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bra med skule- besteforeldre

Lukta av vaffel betyr på at det er måndag på Bøverbru skule. Den fyrste dagen i veka kjem alltid skulebesteforeldra på kaffi og vaffel. Fyrst er det kafé, deretter deltek dei eldre saman med elevane på ulike aktivitetar som forming og sløyd.

– Eg har strikka og Gerd har lært meg å sy med korssting. Det er veldig fint å vere saman med skulebesteforeldra. Dei tenkjer på andre, seier Ine Beathe Udseth Sørsether.

­– Eg har mellom anna lært å snikre ein bil og ein krakk, seier Christoffer Kokkim.

Berre nokre få av pensjonistane som kjem har verkelege barnebarn som går på skulen. Alle er såkalla skulebesteforeldre, dei skal vere heile skulen sine besteforeldre.

Vellukka prosjekt
Frå 2003 til 2006 gjennomførte Utdanningsdirektoratet eit prosjekt kalla Skulebesteforeldre. Målet var å utvikle gode modellar i skulen for utvikling av samvær og samhandling mellom generasjonar.

Ti skular rundt om i landet var pilotskular, mellom anna Bøverbru skule.

Sluttrapporten slo fast at prosjektet var vellukka

Les sluttrapporten her!

– Både skulane og den einskilde pensjonist fekk utbytte av det. Skulane såg at det var vellukka å ha med pensjonistar som kunne gjere ein ekstra innsats. Og pensjonistane følte at det ga livet meining, dei følte seg som ein ressurs, seier Per Olav Strande, som leia prosjektet.

Men trass i at det vart vellukka, vart det ikkje vidareført.

– Kanskje kan det ha noko med at det var eit forslag frå Høgre i utgangspunktet og at ein fekk regjeringsbytte undervegs, undrar Strande. Han etterlyser ein vilje frå politikarane til å satse på skulebesteforeldre.

I Sverige er det til dømes ein permanent ordning kalla Klassmorfar.

Men ein varig nasjonal ordning vil ikkje bli aktuelt i Noreg.

­ – Vi ser positivt på arbeidet dei driv med i Vestre Toten. Vi vil ikkje leggje nokre nasjonale føringar på dette arbeidet, men vi ser at dette kan vere ein modell fleire skular og kommunar kan arbeide etter, seier statssekretær Elisabet Dahle i Kunnskapsdepartementet.

Snøballar og epleslang
På Bøverbru er dei ikkje i tvil om skulebesteforeldre har vorte viktig, for alle partar. Dei er ein av få skular som har vidareført prosjektet på eiga hand.

– Vi synest det er heilt topp. Du minskar generasjonskløfta. Dei eldre føler seg trygge fordi dei kjenner ungane. Ungane likar det veldig godt, seier lærar og fungerande rektor Marit Narum Lundby.

Ho ser at ordninga har ført til eit betre samhald i lokalsamfunnet.

– Vi ser at dei eldre føler seg tryggare når dei kjenner dei unge. Bøverbru er blitt ein tryggare plass. Mange eldre som bur åleine er ofte redde for unge som ringer på eller kaster snøball, eller dei er redd for å verte rana eller slått ned. No kjenner dei unge og dei eldre kvarandre, og snakkar med kvarandre når dei treffast til dømes på butikken, seier Narum Lundby.

– Dette er noko fleire skuler burde prøve, oppfordrar Narum Lundby.