Skulane får 22. juli-opplegg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevane skal gjennom historiske kjelder gje si framstilling av kva som skjedde 22. juli 2011 og framstilla historia i form av ei utstilling.

LES OGSÅ: – 22. juli har ikkje endra Noreg

– Dei fleste skuleelevar har kunnskap om terrorangrepet 22. juli gjennom nyheitsmedia og informasjon på internett. Undervisninga vår tek difor utgangspunkt i elevane som kjeldekritikarar, seier Anne Lene Andersen ved 22. juli-senteret.

Det pedagogiske opplegget er utvikla av 22. juli-senteret og rettar seg mot elevar frå niande trinn til og med tredje klasse på vidaregåande skule. Opplegget tonar ned våpen og gjerningsperson til fordel for tema som ekstremisme, medborgarskap og demokrati, ifølgje Andersen.

– Terrorangrepa 22. juli er ein del av historia vår, men også ein del av samtida vår. Difor er det viktig at skulen behandlar hendingane på ein god og pedagogisk måte, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H). (©NPK)

LES OGSÅ: Ungdomspartia meir synlege i media etter 22. juli