«Skuffande og leitt at ein ikkje evnar å få ein slutt på elendet»

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FpU-formannens håp for 2017

– Kva har skuffa deg mest i 2016?

– Her er det freistande å svara Arbeidarpartiets manglande evne til å vera standhaftige. Men eg trur likevel eg vil trekkja fram krigen i og rundt Syria. Eg synest det er både skuffande og leitt at det internasjonale samfunnet ikkje evnar å få ein slutt på elendet.

– Kva har gledd deg mest i 2016?

– 2016 har vore eit godt år for meg både politisk og personleg. Det er vanskeleg å trekkja fram spesielt ein ting frå eit år med mange gode element, men viss eg skal velja ei spesiell hending må det vera då FpUs landsmøte i april valde meg som den nye formannen sin.

– Kva er det største ønsket ditt for 2017?

– Det største politiske ønsket mitt for 2017 er at Frp gjenvinn regjeringsmakta til hausten, for å sikra ytterlegare skatte- og avgiftsreduksjonar, ein betre skule for alle elevar og sikra satsing på eldreomsorg for eldre i Noreg.

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– Eg vil anbefala ei bok eg las i sommar, nemleg Jørgen Jægers Ridderkorset. Ei særs god bok.

Les også intervjuet med Svendrud som nyvald FpU-formann: «Me kjempar for enkeltmennesket sin fridom»