Skrekk-kabinettet

Janne Nygård
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein energiminister som gir ulne svar om tiltak mot menneskeskapte klimaendringar, ein helseminister som ivrar for å innskrenke retten til abort og prevensjon, og ein utdanningsminister som allereie er i krig med lærarane.

Den negative kritikken mot nominasjonane til dei nye regjeringsmedlemmene er mangfaldig, men ein fellesnemnar går att: Mange har ikkje erfaring frå politikken eller frå området dei skal ha ansvaret for. Dessutan er dei styrtrike. Like barn leikar best.

Eit rikmannsvelde
I valkampen var eitt av hovudparolane til Trump at han ville «drenere sumpen», fjerne dei korrupte politikarane og byråkratane i Washington D.C. og erstatte dei med ferske folk som veit kvar skoen trykkjer for folket dei er sett til å styre.

Men det nye kabinettet til Trump har ingen spesielle forutsetningar for å kunne forstå dei problema vanlege arbeidarfolk i USA står ovanfor. Det er heller kanskje det kabinettet med minst politisk erfaring i amerikansk historie – og det rikaste.

Splitt og hersk
Mange av personane Trump har peika ut, er òg kjende for å vere i opposisjon til det departementet dei er utpeika til å styre over (Rick Perry (bildet), som er innstilt som ny energiminister, kunne heldigvis denne veka avkrefte at han ville leggje ned sitt eige departement, noko han tidlegare har tatt til orde for). Det er jo eigentleg eit genialt trekk.

Trump treng ikkje å vere redd for at ministrane sine skal rotte seg saman med fagmiljøet innanfor sitt departement, men ventar heller på at fagmiljøet kjem til han fordi dei er usamde med ministeren. På den måten får han full kontroll, og kan lage dei kompromissa han sjølv vil ha.

Nokon å skulde på
I dei pågåande høyringane i Senatet, som dei innstilte ministrane skal gjennom for å bli godkjende, er det fleire av dei som går direkte ut mot Trump sin politikk på fleire punkt. Kvifor ville ein person som Trump ha personar i regjeringa si som går ut offentleg og seier han imot? Det kan vere nøye kalkulert.

Neste gong han seier at han skal seie opp alle klimaavtalene USA har bunde seg til, har han ein minister som kan seie at han ikkje kan gjere det. Det er ikkje Trump som tok feil, det er ei dum lov eller ei forbaska forskrift ein plass som gjer at han ikkje kan gjere det, og som ein minister minna han på. På den måten taper han ikkje ansikt.

Mangel på erfaring som kvalifikasjon
Milliardæren Betsy DeVos (bildet) er innstilt til ny utdanningsminister, sjølv om ho aldri har undervist i, styrt eller gått på ein offentleg skule. Dette meiner mange av partifellane hennar at kanskje er hennar aller fremste kvalifikasjon, noko som uroar dei fleste andre.

I høyringa hennar i Senatet, vakla ho i mange sentrale spørsmål som er på dagsorden i amerikansk utdanningspolitikk. Ho nølte når det var snakk om våpen i skulen – og antyda at det kunne vere skular som trengde våpen for å beskytte seg mot grizzlybjørnar.

Tøffe år
Korleis dei neste fire åra kjem til å endre dagleglivet til vanlege amerikanarar er umogleg å spå. Men at dei som arbeider for eit meir opplyst, inkluderande og miljøvenleg samfunn har fire tøffe år i vente – det er ganske sikkert.  

LES OGSÅ: Trump blir oppkalla etter møll med gul hårsveis