Skottland: fleirtal mot sjølvstende

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med eit etter kvart overraskande klart fleirtal sa skottane nei til sjølvstende. Det vart klart i dag tidleg, melder blant andre BBC. Etter at alle 32 valdistrikta er talt opp, var talet på ja-stemmene 1,617,989, medan nei-sida vann med 2,001,926 ifølgje BBC.

Ja-kampanjen sin leiar, den skotske førsteministeren Alex Salmond, anerkjende tapet og ba det skotske folket gjera det same. Men han krevjer og at lovnadene om meir makt til Skottland blir holdt.

LES OGSÅ: Ungdommens val

Lova meir sjølvstyre
I tida før folkeavstemminga har debatten rasa og begge sider har desperat prøvd å dra til seg så mange stemmer som mogleg. Lenge var det daudt løp – det usannsynlege Ja-et var ikkje så usannsynleg likevel.

Då det såg ut til at skottane faktisk kunne svara ja, rykka dei store engelske partia ut med lovnader om meir makt og skotsk sjølvstyre, i frykt for ein oppløyst union. Det var vage lovnader, men statsminister David Cameron verka som han ville følga opp då han heldt sin tale i dag tidleg.

LES OGSÅ: Kvifor vil skottane ut av Storbritannia?

– Me høyrer dykk!
– Til alle dykk som stemte ja til uavhengigheit: Me høyrer dykk! Endringar framover vil vera til det betre for Skottland, sa Cameron i talen sin.

Endringane skottane ønskjer seg er blant anna moglegheita til å regulera sin eigen skatt, samt å styra meir over sine eigne ressursar – blant anna enorme mengder olje og gass på skotsk sokkel.

LES OGSÅ: Derfor fryktar Spania skotsk ja

Raskt i gang
No vil forhandlingane om korleis lovnadane til Skottland skal haldast i praksis setja i gang, så fort som mogleg ifølgje Cameron. Her er det mange tema som må handterast.

Å handtera eigne ressursar verkar til å vera løyst – finansministeren George Osborne har allereie lova dette, ifølgje Aftenposten.

Hos Huffington Post UK kan du og lesa deira analyse av korleis «Det nye Skottland» kan komma til å sjå ut.

QUIZ: Kva veit du om Skottland?