Skipar anti-Malala-dag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Anti-Malaladagen» vart markert i november og skal verte ei årleg markering på 150,000 private skoler i Pakistan, ifølgje Den nasjonale føderasjonen for private skular.

Organisasjonen har lagt ned forbod mot boka «Eg er Malala» på sine skular. Boka vert oppfatta som kritikk av islam og Pakistan.

LES OGSÅ: Fredsprisen til Malala

Skepsis heime i Pakistan
Kampanjen mot 17 år gamle Malala Yousafzai har fått namnet: «Eg er ikkje Malala» som speler på biografitittelen: «Eg er Malala».

– Dei meiner at Malala har brakt skam på Pakistan, fordi ho har eksponert landets mørke sider, fortel Rabia Waqar, som har ansvar for arbeidet med kvinners rettar for Kirkens Nødhjelp i Pakistan, til NRK.no.

Sjølv støttar Waqar den unge prisvinnaren, som har satt seg i respekt for å våga å tala Taliban midt imot.

På grunn av sin kamp for jenters rett til skulegang vart Malala skoten i hovudet, men overlevde.

Etter dette har den unge jenta har vorte eit symbol over heile verda, noko som har ført til skepsis på heimebane.

Det er særleg boka «Eg er Malala», ført i pennen av Christina Lamb, som har fått kritikarar til å lure på om 17-åringen er vorte ei marionette for Vesten.

LES OGSÅ: – Tydeleg at ho er ein rollemodell

Mange støttespelarar
Waqar er letta over at Malala fekk prisen i år, framfor førre gang ho var nominert, fordi kritikken har vorte mindre.  

Ho trur at årsaka er at 17-åringen har fortsett å jobba for hjartesaka si.

Waqar understrekar at trass motstanden, har Malala mange støttespelarar. Eit av dei nasjonale politiske partia i regionen, ANP, som har trykka Malala til sitt bryst.

Test deg sjølv – kva veit du om fredsprisen?