Skeptiske til ny mjølkepolitikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er feil medisin, fastslår leiar i Norsk Bondelag Nils T. Bjørke overfor NTB.

– Dette er ei oppskrift på mindre matproduksjon og lågare sjølvforsyning, meiner Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Listhaug varsla torsdag at ho ønskjer å fjerne produksjonstaket hjå mjølkebøndene, slik at storbønder kan drive endå større. Dette vil gi betre lønsemd for bøndene, noko som igjen kan føre til både auka mjølkeproduksjon og større nyrekruttering til bondeyrket, meiner ho, men presiserer samtidig at regjeringa ikkje har konkludert i saka.

Ikkje gehør
Støttepartia til regjeringa vil likevel ikkje stille seg bak ei fjerning av produksjonstaket. Venstres næringspolitiske talsmann Pål Farstad seier til NTB at dei for lengst har gjort dette klart for Listhaug.

– Men vi kan vere med på å heve taket slik at vi kan utnytte kapasiteten i mjølkeproduksjonen, seier han og antydar at ein auke på rundt 20 prosent vil vere akseptabel.

For KrF er det viktigaste å sikre at landbruket blir halde oppe i heile landet. I dag kan mjølkekvotar kjøpast og seljast innanfor det same fylket, medan Listhaug foreslår å opprette større regionar.

– Vi må bruke ressursane der dei finst, og produsere mjølk der det finst mykje gras. Dersom dei fylkesvise kvotane forsvinn, vil det gjere noko med heile organiseringa av landbruket, påpeikar landbrukspolitisk talskvinne Lise Henriette Hjemdal.

Meir import og færre bønder
Bondeorganisasjonane meiner at ei slik omlegging vil føre til endå meir sentralisering av mjølkeproduksjonen, noko som kan få store ringverknader.

– Ei sentralisering vil bety at vi ikkje vil klare å produsere mjølk med norske beite- og grasressursar, men bli avhengige av meir kraftfôrimport, seier Bjørke. Det vil igjen føre til at store jordbruksareal ute i distrikta vil gro igjen, påpeikar han.

– Den utviklinga som Listhaug sjølv har kritisert, med nedgang i jordbruksareal og talet på bønder, vil forsterkast stort, påpeikar Furuberg.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Kan forsvinne
Påtroppande Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fryktar at utspelet til Listhaug kan rive grunnen under mjølkebruka i distrikta.

– Dette kan utløyse ei kraftig endring av mjølkeproduksjonen. Mindre bruk langs vestlandsfjordane og i dalane på Austlandet kan forsvinne, seier Vedum til VG.

Bjørke påpeikar at det berre er 200 av 9.500 mjølkebønder, drygt 2 prosent, som har stanga i kvotetaket.

– Listhaug burde vere minst like oppteken av rammevilkåra for dei andre 98 prosentane av mjølkebøndene, seier han.

– Bestemme sjølv
Hjå storbonden Tor Stangeland i Klepp på Jæren blir likevel forslaget til Listhaug møtt med begeistring. Han har nærmare 700 kyr og produserer éin million liter mjølk i året.

– Vi er positive til at vi som sjølvstendig næringsdrivande kan få bestemme sjølv kor mykje vi vil produsere, og korleis vi vil leggje opp produksjonen. Det får andre næringsdrivande i Noreg. Dei som driv si eiga bedrift bør få ta eigne val og konsekvensane av dei, seier Stangeland til NRK Rogaland. (©NPK)

LES SISTE LANDBRUKSNYTT!

Kva synest du om forslaget?